Barne-, ungdoms- og familieetaten

Region vest senter for foreldre og barn

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Region vest senter for foreldre og barn har tre institusjonsavdelingar for foreldre og barn 0-5 år i Bergen, Stavanger og Førde. Senter for foreldre og barn, avdeling Bergen/Sudmannske har 7 utgreiings- og behandlingsplassar, Stavanger har 3 utgreiingsplassar, og Førde har 3 utgreiings- og behandlingsplassar. I tillegg har senteret eit PMTO-team med terapeutar i Bergen og Stavanger, som gir eit behandlingstilbod til familiar med barn som har åtferdsvanskar. All bistand frå senteret er lovregulert i Lov om barneverntenester § 4-4, 2. ledd, og kvar kommunal barnevernteneste er innsøkande instans.

Regional PMTO-konsulent i Bufetat, region vest

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Søknadsfristen er gått ut
  • Arbeidsgiver
    Barne-, ungdoms- og familieetaten
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen, Førde, Stavanger
  • Arbeidssted
    Region vest
  • Jobbnorge-ID
    143336
  • Intern-ID
    Vest 89/17
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Se mer

Finn andre stillinger