KRIMINALOMSORGEN HUSTAD FENGSEL

Kriminalomsorgen region vest er et etatsnivå under Kriminalomsorgsdirektoratet med overordna ansvar for straffegjennomføringa i fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Region vest har ca 500 tilsette og har administrasjon i Bergen. Regionen administrerer fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll i Bergen. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande og vi legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø.

Kriminalomsorgen Hustad fengsel er eit fengsel med avdeling for såvel høg som lågare sikkerheit. Det er for tida 28 plassar i avdeling for høg sikkerheit og 32 plassar i avdeling med lågare sikkerheit. Eininga er definert som Naturfengsel og arbeider innanfor rammene av ulike målretta rusmeistringstiltak.

Vår visjon er: Aktiv kriminalomsorg - tryggare samfunn

Våre verdier er: Åpenhet, respekt, profesjonalitet og engasjement

VERKSBETJENT

vikariat i 100% stilling for perioden 01.01.18 – 31.12.18

Arbeidsområde:
Leie og rettleie innsette i daglege gjeremål i dei ulike verkstadene (som snikkarverkstad og monteringsverkstad) i fengselet. Planleggingsarbeid - aleine og i samarbeid med ulike avdelingar og tilsette. Opplæring og sysselsetting av innsette. Motivere til kreativ tenking og sjølvrealisering. Ta vare på tryggleiken i arbeidssituasjonen/motivere for aktiv deltaking i arbeidet. Gi innsette opplæring i fengselets interne servicetenester.

Den som vert tilsett må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde i tråd med organisatoriske endringar.

Utdanningskrav:
Fagbrev eller anna relevant utdanning og praksis.
Det er ynskjeleg at søkaren har erfaring frå arbeide innan formgivingsfeltet - alternativt praksis frå beslekta felt. Søkjar må ha førarkort.

Ferdigheiter og personlege eigenskaper:
Vi søker ein person som er opptatt av å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø, og som har gode evner til å planlegge og iverksette produksjon innanfor dei rammene som til ein kvar tid vert gitt.

Vi ynsker ein person som evner å etablere prosjekt der innsette vert gitt høve til å utvikle eigne ferdigheiter. Vi vil vektlegge personlege eigenskaper som kreativ tenking rundt produksjonen og slik bidra til realisering av gjeldande kompetansekrav.

Søkar må evne å samarbeide på alle nivå og på tvers av faggrupper. Søkar må ha evne til inspirerande nytenking, både internt og saman med våre tverrfaglege samarbeidspartnarar, t.d. fengselsundervisninga. (verksbetjenten har i dag eit nært og godt samarbeid med Romsdal vidaregående skole, som er ansvarlege for undervisninga i fengselet).

Søkaren må vere kjend med bruken av ulike dataverktøy og inneha god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Hustad fengsel har og utanlandske innsette, og søkarar må ha normalt gode engelskkunnskapar.

Løn:
Stillinga vert løna etter Statens regulativ stillingskode 0275 verksbetjent, kr. 361 700 – 430 100.
Lønnsplasseringa er avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet.
Frå løna vert det trekt 2 % medlemsinnskot til Statens Pensjonskasse.

Anna:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Vi oppmoder derfor kvinner og personar med innvandrarbakgrunn til å søke. Dei første 6 månadane er prøvetid.

Det er krav om uttømmande politiattest utan merknader for dei som blir tilsett i Kriminalomsorga.

Nærare opplysninger om stillinga vert gitt av fengselsleiar Frode Erlandsen, tlf. 71 26 30 10 / 958 09 319 eller seniorrådgivar Øystein Hauge 71 26 30 42 / 908 48 830.

Søknadsfrist: 30.10.17
Søknad sendast elektronisk via link til www.jobbnorge.no

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Kriminalomsorgen region vest
  • Nettside
  • Kommune
    Fræna
  • Jobbnorge-ID
    143265
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger