KRIMINALOMSORGEN HUSTAD FENGSEL

Kriminalomsorgen region vest er et etatsnivå under Kriminalomsorgsdirektoratet med overordna ansvar for straffegjennomføringa i fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Region vest har ca 500 tilsette og har administrasjon i Bergen. Regionen administrerer fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll i Bergen. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande og vi legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø.

Kriminalomsorgen Hustad fengsel er eit fengsel med avdeling for så vel høg som lågare sikkerheit. Det er for tida 28 plassar i avdeling for høg sikkerheit og 32 plassar i avdeling med lågare sikkerheit. Eininga er definert som Naturfengsel og arbeider innanfor rammene av ulike målretta rusmeistringstiltak.

Vår visjon er: Aktiv kriminalomsorg - tryggare samfunn

Våre verdier er: Åpenhet, respekt, profesjonalitet og engasjement

JURIST

Vikariat i 100% stilling i tida 01.02.2018 - 02.01.2019

Stillinga er plassert ved Hustad fengsel. Tilsett vil måtte pårekna å bistå Ålesund fengsel og Friomsorgen i Møre og Romsdal etter nærare avtale.

Arbeidsområde:
Stillinga vil omfatte sakshandsaming etter straffegjennomføringslova, samt medføre rådgivingsverksemd for alle kriminalomsorgseiningane i fylket. Stillinga vil bli utvikla med oppgåver frå andre juridiske fagområde.

Den som vert tilsett må pårekna endringar i ansvars- og arbeidsområde i tråd med organisatoriske endringar.

Utdanningskrav:
Mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embedseksamen. Det er ein fordel med kjennskap til kriminalomsorga. Det vert lagt vekt på tidlegare praksis frå etaten.

Ferdigheiter og eigenskaper:
Det er svært viktig med gode samarbeidsevne, effektivitet og nøyaktigheit, evner til relasjonsbygging, tverrfagleg samarbeid, sjølvstende og fagleg nysgjerrigheit.

Løn:
Stillinga vert løna etter Statens regulativ - stillingskode 1434 Rådgjevar kr. 404 000 – 537 700.
Lønsplasseringa er avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå løna vert det trekt 2 % medlemsinnskot til Statens Pensjonskasse.

Anna:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Vi oppmoder derfor kvinner og personar med innvandrarbakgrunn til å søke.

Dei første 6 månadane er prøvetid.

Det er krav om uttømmande politiattest utan merknader for dei som blir tilsett i kriminalomsorga.


Nærare opplysninger om stillinga vert gitt av fengselsleiar Frode Erlandsen, tlf. 71 26 30 10 / 958 09 319 eller seniorrådgivar Øystein Hauge 71 26 30 42 / 908 48 830.

Søknadsfrist: 30.10.17
Søknad sendast elektronisk via link til www.jobbnorge.no

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Kriminalomsorgen region vest
  • Nettside
  • Kommune
    Fræna
  • Jobbnorge-ID
    143264
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger