Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, opphavsrett, media, idrett, frivillig verksemd, trus- og livssynssamfunn og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 150 tilsette i fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Medieavdelinga har ansvar for redaksjonelle massemedia, film, dataspel, opphavsrett, pengespel og stiftingar. Avdelinga har tre seksjonar. Medieavdelinga har ansvar for Medietilsynet, Norsk filminstitutt og Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Ansvarsområda til avdelinga er prega av store og djuptgåande endringsprosessar. Ny teknologi fører til endring i produksjon og distribusjon, og endringar i marknadane gir nye forretningsmodellar, konkurransetilhøve, og bransjestrukturar. Publikum sin mediebruk og høve til brukarmedverknad blir vesentleg endra. Ei utfordring for avdelinga er å sørgje for at verkemidla på ansvarsområda er best mogleg tilpassa den situasjonen vi har i dag.  

Den ledige stillinga vil inntil vidare vere knytt til seksjon M3, som har ansvar for kringkastingspolitikk, mediestøtte og pengespel. Seksjonen forvaltar staten sin eigarskap i NRK og Norsk Tipping. Stillinga kan òg innebere arbeid på andre ansvarsområde i departementet.

Rådgjevar/seniorrådgjevar - jurist

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Søknadsfristen er gått ut
  • Arbeidsgiver
    Kulturdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    143204
  • Intern-ID
    17/4117
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Se mer

Finn andre stillinger