Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Tekst: Analytisk og framtidsrettet?

Gartnar (forskingsteknikar) i Muséhagen

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 120 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her: http://www.uib.no/universitetsmuseet.

 

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for naturhistorie, er det ledig ei fast stilling som gartnar (100 % stilling som som forskingsteknikar) ved Arboretet og dei botaniske hagane.

 

Arboretet og dei botaniske hagane inneheld tre ulike hageanlegg. Muséhagen som ligg i Bergen sentrum og Arboretet og Botanisk hage som ligg 23 km lengre sør. Muséhagen omkransar Naturhistorisk museum, i hjarta av Universitetet i Bergen. Hagen som vart opna i 1899, er på om lag 15 dekar, og var tidlegare museets botaniske hage. Den nå eit freda kulturminne. Her fins bl.a. gamle historiske tre, ein alpehage, ein nytteveksthage og eit tropisk plantehus. Dei levande plantesamlingane vert brukte i forsking, formidling, undervising og rekreasjon. Her vert formidla kunnskap om planter og plantemangfald og behova for at mangfaldet vert teke vare på. Alle hagane er godt lagt til rette for publikum med vegar og stiar, og dei er godt besøkte gjennom heile året. Seksjonen har 23 fast tilsette. Av desse er tre vitskaplege stillingar. I sommarsesongen er det ein del mellombels tilsette i anlegga. Du kan lese meir om seksjonen og verksemda på http://www.uib.no/arboretet.

 

Arbeidsoppgåver:

Du skal delta i den daglege drifta i Muséhagen. Dette inneber stell, drift og vedlikehald av hageanlegg og plantehus. Det ligg og til oppgåvene å delta i noko informasjonsarbeid mot publikum som nyttar hagen. Arbeidet vert utført ute heile året. Den som vert tilsett vil bli pålagt å ta del i vaktordning, ha noko arbeidsleiing samt vere stedfortredar når ansvarleg gartnar ikkje er til stades. Du rapporterer til ansvarleg gartnar i Muséhagen og overgartnar for seksjonen.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer etter ein gartnar:

  • med fagbrev, fullført utdanning eller tilsvarande kompetanse.
  • erfaring frå produksjon av ulike planteslag i veksthus og/eller ute i hage er eit krav.
  • med god kunnskap om og interesse for planter er ein føremon.
  • som har førarkort for bil og traktor og erfaring frå arbeid med ulike maskinar. God erfaring med bruk av motorsag tel positivt.
  • med god helse, då arbeidsoppgåvene til tider kan vere fysisk tunge.
  • som kan bruka data som arbeidsverktøy og har god teknisk forståing.
  • vi legg vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga og søkjaren må ha gode samarbeidsevner og lika å arbeide i team, men som og kan arbeide sjølvstendig. Du må være løysingsorinetert, initiativrik og ha ei positiv innstilling.

 

Vi kan tilby:

  • Eit hyggeleg, utfordrande og til tider hektisk arbeidsmiljø i flotte omgjevnader
  • Løn som forskingsteknikar (kode 1512) lønssteg 34-48 (etter kvalifikasjonar). Dette utgjer for tida kr. 348.800 – 423.200.
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar kan ein få frå overgartnar Mladen Golubovic , tlf. 948 78 859, e-post Mladen.Golubovic@uib.no, eller frå avdelingsgartnar Hilde Margrethe Moen, tlf. 416 85 178, e-post hilde.moen@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom søkjaren får melding om det.

 

Nærare om tilsettingsprosessens her (her vil søkjarane også finna informasjon m.a. om velferdsordningar).

 

Søknadsfrist: 1. november 2017

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. november 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Arboretet og de Botaniske hager - Muséhagen
  • Jobbnorge-ID
    143202
  • Intern-ID
    17/12149
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger