Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Tekst: Analytisk og framtidsrettet?

Driftsleiar (feltleiar arkeologi)

Universitetsmuseet i Bergen har forsking og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 120 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her: http://www.uib.no/universitetsmuseet.

 

Ved Fornminneseksjonen, Avdeling for kulturhistorie, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen, er det ledig fast ei stilling som arkeolog (driftsleiar). Stillinga er eksternt finansiert (prosjektmidlar) og knytt til den lovpålagde utgravingsverksemda ved Universitetsmuseet i Bergen.

Seksjonen har ansvaret for forvaltningsinitierte arkeologiske undersøkingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt (Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre). I tillegg er seksjonen delegert ansvar for forvaltninga av bergkunstlokalitetar innanfor sitt forvaltningsområde. Seksjonen er elles rådgjevar for Riksantikvaren, fylkeskommunane, Sametinget og andre samarbeidspartnarar.

Stillinga skal bidra til å styrke kapasiteten ved seksjonen og gjere gjennomføring og rapportering av lovpålagde utgravingsprosjekt meir effektiv og føreseieleg.


Arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til eksternfinansierte arkeologiske utgravingsprosjekt og skal:

  • ha ansvar for førebuing og feltleiing av utgravingsprosjekt

  • ha ansvaret for etterabeid i prosjekt fram til avsluttande rapportering

  • utføre oppgåver knytt til rettleiing og opplæring av mellombels tilsett personale

  • driftsleiaren kan også verte pålagt mindre administrative oppgåver.

 

Kvalifikasjonar
Søkjarane må ha:

  • mastergrad eller tilsvarande kompetanse i arkeologi

  • elementære IT-kunnskapar

  • god formuleringsevne, munnleg og skriftleg, i både norsk og engelsk

  • førarkort for bil

  • kompetanse innanfor digital feltdokumentasjon 

Det vert særleg lagt vekt på:

  • kompetanse innanfor feltdokumentasjon 

Det er vidare ønskjeleg at søkjarane:

  • har erfaring frå katalogisering og dokumentasjon av arkeologisk gjenstandsmateriale

  • har gode samarbeidsevner, og er fleksibel og løysingsorientert

  • kan arbeide effektivt, nøyaktig, strukturert og målretta

  • kan arbeide sjølvstendig, men òg likar å jobbe i team

  • trivst i eit til tider hektisk arbeidsmiljø 

Det er vesentleg at den som vert tilsett er eigna for stillinga, og det vil difor og verte lagt vekt på personlege eigenskapar

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Stilling som driftsleiar (kode 0400) i lønssteg 51 - 58 (for tida kr 443.900 – 499.600) i det statlege lønsregulativet, etter kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar kan ein få frå Fornminneseksjonen, Universitetsmuseet i Bergen, v/seksjonssjef Asle Bruen Olsen, tlf. 55 58 29 32, e-post: asle.olsen@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom søkjaren får melding om det.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 03.11.2017 

 

--------------------------

 

Stillingsomtale:

Fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen er for tida ei eining med fem fast tilsette forskarar og fem administrative stillingar i tillegg til ein del mellombels tilsette knytt til ulike prosjekt. Seksjonen har det faglege ansvaret for handtering av lovpålagde oppgåver delegert til universitetsmuseet ved forskrift i Lov om kulturminne. Fornminneseksjonen er under leiing av ein fast tilsett seksjonssjef

 

Om seksjonen:

Seksjonen skal

a) vareta Universitetsmuseet i Bergen sitt ansvar for å gje utsegn om kjelde- og dokumentasjonsverde i samband med førebuing av dispensasjonssaker etter kulturminneloven § 8 første, andre og fjerde ledd og § 14 andre ledd, første punktum, jf. § 8 i ”Forskrift om gjennomføring av arkeologisk arbeid i forbindelse med automatisk fredete kulturminner og forvaltning av løse kulturminner” (sjå òg kommentarar til forskrifta).

 

b) etter at løyve er gitt av Riksantikvaren med heimel i kulturminneloven § 8 første, andre og fjerde ledd utføre arkeologiske utgravingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt, med unntak av mellomalderbyen Bergen og kyrkjer, kloster, kyrkjelege anlegg, borger og forsvarsverk frå mellomalderen, jf. § 3 i forskrift om gjennomføring av arkeologisk arbeid.

 

c) ifølgje ansvar lagt til Universitetsmuseet i Bergen etter § 1.5 i ”Forskrift om faglig ansvarsdeling m.v. etter kulturminneloven-…” ifølgje kulturminneloven §§ 11b og 13 første ledd utføre nødgravingar av automatisk freda kulturminne og etterundersøkingar av funnstader for lause kulturminne, jf. § 6 i forskrift om gjennomføring av arkeologisk arbeid.

 

Seksjonen skal i tillegg til nemnde konkrete forvaltningsoppgåver vareta Universitetsmuseet i Bergen sitt ansvar for å etterleve samarbeidsplikta i samband med sakshandsaming/ kulturminneforvaltning, jf. § 3 i forskrift om fagleg ansvarsdeling m.v. etter kulturminneloven.

 

Om stillinga:

Hovudoppgåvene er knytt til gjennomføring og rapportering av utgravingsprosjekt, i større prosjekt som delansvarleg under ein prosjektleiar, i mindre prosjekt som leiar med fagleg ansvar og personal-/HMS–ansvar. Stillinga krev at feltleiaren handterer den digitale feltdokumentasjon (GIS/Intrasis) og digital innlegging av utgravingsdata i museet sine databasar (Musit funn- og fotodatabase, prosjektdatabase, Askeladden kulturminneregister) og katalogisering av gjenstandsfunn. Ein føreset og at feltleiaren har kompetanse til å rettleie og lære opp mellombel tilsett feltpersonale i funnkatalogisering og dokumentasjon. Feltleiaren kan og verte pålagd mindre administrative oppgåver.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. november 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Avdeling for kulturhistorie, Fornminneseksjonen
  • Jobbnorge-ID
    143197
  • Intern-ID
    17/12364
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger