Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Tekst: Analytisk og framtidsrettet?

Forskar i meteorologi / vindenergi

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som forskar i meteorologi med fokus på vindenergi. Stillinga er for ein periode på 2 år og knytt til eksternfinansiering.

 

Om prosjektet / arbeidsoppgåver

Geofysisk institutt har over fleire år dreve eit NFR–finansiert infrastrukturprosjekt, OBLO (Offshore Boundary Layer Observatory). Prosjektet har som mål å betre forståinga av det atmosfæriske grenselaget over hav, spesielt med tanke på bruk inn mot vindenergi. Utstyret består i stor utstrekning av Lidar-system, anemometer og mikrobølgje temperaturprofilmålarar.

Til vidareføringa av dette arbeidet søkjer vi ein kandidat som kan:

  • Planleggje og gjennomføre vitskaplege målekampanjar med utstyret.

  • Gjennomføre kvalitetskontroll, analyse og tolking av måledata.

  • Samanlikne måledata med modellsimuleringar.

  • Bidra under utarbeiding av prosjektsøknader.

  • Delta i rettleiing av master- og PhD studenter innen fornybar energi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du bør ha ph.d.–grad eller tilsvarande kompetanse innanfor meteorologi eller tilstøytande fagfelt og kunnskapar om målingar, analysar og modellering av vindfelt. Vi ser etter ein person som:

  • Har kompetanse innan grenselagsmeteorologi, gjerne brukt mot vindenergi.

  • Har kunnskap om måleteknikkar og erfaring med analyse av måledata.

  • Har evne til å arbeide på tvers av fagdisiplinar og mot oppdragsgjevarar.

  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.

  • Har gode samarbeidsevner.

  • Kan nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om din faglege bakgrunn og motivasjonen for å søkje stillinga.

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål.

  • Relevante attestar.

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt på epost til enkeltpersonar vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

 

Professor Joachim Reuder Geofysisk Institutt, tlf +47 47381397, eller

Førsteamanuensis II Kristin Guldbrandsen Frøysa, Geofysisk Institutt, tlf +47 48022045.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    26. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    143153
  • Intern-ID
    17/7843
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger