Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Analytisk og framtidsrettet?

Postdoktor i isotopklynge-paleoseanografi

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som postdoktor innan isotopklyngetermometri i marine sediment. Stillinga er for ein periode på 3 år og er knytt til CLIP-prosjektet, finansert av Bergens forskningsstiftelse (BFS) og C4T-prosjektet, finansiert av det europeiske forskingsrådet (ERC). Startdato for stillinga er 1. januar 2018.

Om prosjektet

Isotopklyngetermometri er eit nytt geokjemisk verktøy for å rekonstruere temperaturar frå tidligare tider. I vår lab i Bergen bruker vi metoden på bentiske og planktoniske foraminifera for å rekonstruere temperaturendringar som skjedde i vassoverflata og i djuphavet. Vårt state-of-the-art laboratorium har to nye Thermo Fisher MAT253Plus-massespektrometre kopla til Kiel IV karbonatprepareringsinstrumenter. Stillinga vil være ein del av eit team beståande av to stipendiatar og to postdoktorar, leia av dr. Nele Meckler. Så langt har gruppa fokusert på aspektar rundt metodeutvikling, inkludert forbetring av kalibrering for foraminifera og vurdering av effektane frå diagenetisk endring. Dei neste åra skal vi fortsette å minimalisere prøvemengdene som krevjast, mens vi fokuserer på rekonstruksjonar av fortidsklima i forskjellige lokasjoner og tidsintervall, inkludert Pliosen (hovudfokus i CLIP-prosjektet) og tidlegare intervall i kenozoikum (innan C4T-prosjektet).

Vi ynske ein person med førstehandsrøynsle med isotopgeokjemi og foraminiferabasert paleoseanografi, fortrinnsvis med bakgrunn i pliosen og/eller tidlegare kenozoisk paleoklima. 

Arbeidsoppgåver

  • Betre clumped isotop termometri for små karbonatprøvar
  • Prøvepreparering og clumped isotop massespektrometri
  • Rettleiing av masterstudentar
  • Datatolking i samarbeid med klimamodellørar

Kvalifikasjonar og eigenskapar 

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor geovitskap, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar skal ha førstehandsrøynsle frå isotopgeokjemi.
  • Tidligere erfaring med isotopklyngetermometri vil være ein føremon.
  • Søkjarar skal ha god kunnskap om taxonomi av foraminifera, fortrinnsvis frå Pliosen eller tidligare intervall i kenozoikum.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. 

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dr. Nele Meckler, Institutt for geovitskap, tlf. +47 55 583530, nele.meckler@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    143145
  • Intern-ID
    17/12067
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger