Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Tekst: Analytisk og framtidsrettet?

Stipendiatstilling i biosystematikk (malakologi)

Avdeling for Naturhistorie ved Universitetsmuseet i Bergen har ledig ei stilling som PhD-stipendiat i biosystematikk.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Doktorgradsstudiet skal være et prosjekt i systematikk, fylogeni, artsdanning og biogeografi for djuphavsorganismar. Fokusgruppa er snigleslekta Scaphander, som er utbreidd i alle verdshava. Denne modell-gruppa vil bli nytta til å undersøkje spørsmål om marint mangfald og historisk biogeografi ved kombinerte undersøkingar av morfologiske karakterar og molekylærfylogenetiske metodar.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning i biologi. Vi søkjer ein kandidat som ideelt har erfaring i biosystematikk for marine evertebratar og som har evner til å arbeide sjølvstendig. Søkjarar vil verte vurderte med grunnlag i karakterar i relevante biologiske emnar og forskingserfaring frå i mastergraden. Praktisk erfaring frå feltarbeid, anatomisk dissesjon, elektronmikroskop, fylogenetisk analyse vil være ein styrke. Kandidaten må kunne være i stand til å gjere feltarbeid utanlands.

 

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid i form av undervisning og arbeid med vitskaplege samlingar. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein PhD-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Stipendiaten vil og vera medlem i forskarskulen i biosystematikk (ForBio). Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til PhD-studiet ved Universitetet i Bergen. Søknad om opptak til PhD-studiet, inklusiv framdriftsplan for utdanning og forsking, vil bli utarbeidd saman med prosjektrettleiarane.

 

Søknaden skal innehalde:

  • Søknad (maksimum 1side) med motivasjon og CV (maksimum 2 sider) skal innehalde namn, kvalifikasjonar, arbeidserfaring
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiar frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

 

Søknad med vedlegg skal sendast elektronisk til Jobbnorge med attesterte utskrifter/omsetjingar av vitnemål og andre vedlegg på engelsk eller eit skandinavisk språk.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø, moderne molekylær- og organismelaboratorium, og tilgang til omfattande samlingar marine prøver.
  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436.900 brutto. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Manuel Malaquias (Manuel.Malaquias@uib.no), telefon +47 55582582.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som gjeld for stillinga til ei kvar tid.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 31.10.2017

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Avdeling for naturhistorie
  • Jobbnorge-ID
    143008
  • Intern-ID
    17/11241
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger