Høgsterett er den øvste domstolen i landet og har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling. Høgsterett blir leia av justitiarius. I tillegg har domstolen 19 dommarembete, eitt embete som direktør, ein assisterande direktør, 25 tilsette i juridisk utgreiingseining og om lag 25 administrativt tilsette. Høgsterett held til i Høgsteretts Hus i Oslo.

Nestleiar i juridisk utgreiingseining

I juridisk utgreiingseining i Høgsterett er det ledig stilling som nestleiar.

I den juridiske utgreiingseininga er det ein leiar, to nestleiarar, 20 utgreiarar og to protokollsekretærar. Utgreiingseininga arbeider både for Høgsteretts ankeutval og for avdelingane i Høgsterett, med utgreiing av prosessuelle og materielle spørsmål i saker frå alle rettsområde. Utgreiingseininga har også andre arbeidsoppgåver, både for justitiarius, dommarane og direktøren.

Nestleiaren vil ha både administrative oppgåver og utgreiingsarbeid. Arbeidet byr på varierte, krevjande og spennande utfordringar både fagleg og administrativt. Stillinga krev svært gode juridiske kvalifikasjonar. Ein vil leggje stor vekt på breidda i faglege erfaringar, på evne til å arbeide grundig og effektivt, på leiareigenskapar og på evne til samarbeid. Gode språkkunnskapar og erfaring frå domstolane er ei føremon.

Stillinga som nestleiar er lønna frå 785 000 kroner til 1 130 000 kroner pr. år, alt etter kvalifikasjonar. Ein svært godt kvalifisert person kan rekne med å bli plassert tilsvarande tingrettsdommar.

Det er eit personalpolitisk mål at medarbeidarane skal spegle av folkesetnadsmønsteret generelt – også med omsyn til kjønn og kulturelt mangfald.

Opplysningar om søkjarane kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Ein kan få nærare opplysingar om stillinga ved å kontakte utgreiingsleiar Øistein Aamodt eller nestleiar Birthe Aspehaug Buset på telefon 22 03 59 00.

Søknadsfristen er tysdag 24. oktober 2017.

Send søknad elektronisk via link på denne sida.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    24. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    NOREGS HØGSTERETT
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    142955
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger