Universitetet i Bergen

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Bli med å skape fremragende forskning

Postdoktor i arkeologi ved Senter for framifrå forsking - Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE)

Ved Senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE) ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), Universitetet i Bergen, er det ledig ei treårig stilling som postdoktor knytt til arkeologisk studie av sørafrikanske mikropattedyr.

 

Om SFF-ordninga og SapienCE

SFF-ordninga er driven av Noregs forskingsråd med det føremål for avgrensa tidsperiodar å etablere forskingssentra som driv konsentrert, fokusert og langsiktig forskingsinnsats på framifrå internasjonalt nivå.

 

SapienCE vert leia av professor Christopher Henshilwood og skal forske på åtferdsutviklinga til homo sapiens i Sør-Afrika for mellom 50.000 og 100.000 år sidan. Senteret vil ha fem Principal Investigators (PIs), som og vil utgjere leiargruppa saman med senterleiar. Forskarar frå ulike fagfelt ved andre UiB-fakultet og internasjonale samarbeidspartnarar vert knytt til senteret. For å studere det tidlege menneskets kulturelle, sosiale og teknologiske åtferd vil vårt inter-disiplinære forskarteam integrere analyser av eit detaljrikt utgravingsmateriale med bruk av innovative geoarkeologiske, klima- og kognitive datamodellar. Denne heilskaplege tilnærminga vil gje banebrytande innsikt i dei ulike aspekta av kva det vil seie å vere menneske.

 

Om postdoktorstillinga

Hovudmåla for stillinga:

  • Utføre sjølvstendig vitskapeleg forsking som resulterer i høgkvalitetspublikasjonar. Publikasjonane skal adressere sentrale tema i forskingsprosjektet SapienCE; åtferdsutvikling til tidleg Homo sapiens.

  • Delta i arkeologiske utgravingar ved prosjektet sine steinalderlokalitetar i Sør-Afrika.

  • Samle inn og analysere naudsynte data frå mikropattedyr i felten eller i prosjektet sine museumssamlingar. Det skal leggjast særskild vekt på rekonstruksjon av tidlegare klimatiske forhold og å tolke desse resultata innanfor SapienCE sine målsetningar.

  • Demonstrere innovative tilnærmingar til analysen av mikropattedyr for å løyse viktige problemstillingar knytt til Homo sapiens sine omgivnadar i steinalderen i det sørlege Afrika.

  • Jobbe med og støtte senterleiar og leiargruppa i gjennomføringa av forskingsprosjektet.

  • Bidra aktivt i det akademiske miljøet rundt SapienCE si bergensbaserte forskargruppe.

 

Forskinga blir gjort ved SapienCE sine kontor ved Universitetet i Bergen, og i våre laboratorium i Sør-Afrika, under rettleiing av professor Henshilwood. SapienCE tilbyr framifrå fasilitetar for avanserte analysar av mikropattedyr som vert henta frå våre steinalderlokalitetar i sørlige Cape, Sør-Afrika. Den som blir tilsett vil samarbeide tett med SapienCE sine leiande klimatologar i Bergen, for rekonstruksjon av Sør-Afrikas sen-pleistosene paleomiljø.

 

Postdoktorstillinga er ei treårig åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i stillinga som postdoktor krev at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

 

Den som blir tilsett må ha ph.d.-grad i arkeologi, med spesialisering  i samsvar med  hovudmåla som er nemnde over, og som er relatert til SapienCE sine sentrale tema. Omfattande kunnskap innan sørlige Afrikas steinalderarkeologi,  med brei felt- og utgravingserfaring, er ein føresetnad,. Omfattande erfaring med identifisering, tafonomisk analyse og tolking av paleomiljø i mikropattedyrgrupper frå arkeologiske utgravingar i Sør-Afrika er naudsynt. Den som blir tilsett må kunne flytande engelsk, både skriftleg og munnleg, samt ha gode kommunikasjonseigenskapar. Den som blir tilsett må vise eit sterkt engasjement for forsking, kunne arbeide strukturert, sjølvstendig og som ein del av ein gruppe, samt vere ansvarsfull og ha stor arbeidskapasitet. Tidlegare publikasjonar er ein føresetnad.

 

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/LR 24.1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida kr 485 700. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

 

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenke på denne sida «SØK STILLINGA». Søknaden må innehalde:

  • Eit søknadsbrev som inneheld ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. (maks 3 sider)
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere ein av rettleiarane frå doktorgradsutdanninga
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Elektronisk versjon av ph.d.-avhandlinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (skanna originalar eller bekrefta kopiar)
  • Relevante attestar

 

Søknaden og utgreiinga av forskingsinteresser må skrivast på engelsk. Vedlegga må lastast opp i JobbNorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

 

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Christopher Stuart Henshilwood, telefon 55 58 90 99, e-post Christopher.Henshilwood@uib.no, eller instituttleiar Jan Heiret, telefon 55 58 97 62, e-post jan.heiret@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no

Dei mest aktuelle søkjarane blir kalla inn til intervju før innstilling om tilsetjing blir gjort.

Søknadsfrist: 22.10.2017

Merk søknaden: 17/11772

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    142771
  • Intern-ID
    17/11772
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger