Universitetet i Bergen

Det psykologiske fakultet

Tekst: Skap relevns. Vær utforskende

Førsteamanuensis i helsefremjande arbeid

Ved HEMIL-senteret, Det psykologiske fakultet, er det er ledig ein fast stilling som førsteamanuensis i helsefremjande arbeid.

 

HEMIL-senteret er eit institutt ved Det psykologiske fakultet som utfører forsking og tilbyr masterprogram innanfor helsefremjande arbeid, barnevern og global utvikling. Instituttet har nært samarbeid med forskarar ved andre fakultet og er ein leiande internasjonal akademisk institusjon innanfor helsefremjande forsking.

 

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, lærarutdanning, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

 

Arbeidsoppgåver/forskningsområde:
Den som vert tilsett  vil ha sin arbeidsplass ved HEMIL-senteret og arbeidsoppgåvene vil verte knytt til undervisning og forsking, med spesiell vekt på global utvikling og helsefremjande arbeid.

Ei separat stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre forhold som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga er presentert under denne utlysingsteksten. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga, og ho/ han er venta å gå inn i ei av forskingsgruppene ved instituttet/ fakultetet.

 

Krav til søkjaren og søknad

  • Den som søkjer må ha disputert i den tverrfaglege disiplinen helsefremjande arbeid eller ein av dei nærliggjande disiplinane (t.d. psykologi, sosiologi, statsvitskap, samfunnsvitskap, og helsefag)
  • Søkjaren må ha erfaring med  global og utviklingsrelatert forsking. Søkjaren må og ha høg kompetanse i kvantitative metodar og statistikk. Det er ei føremon dersom søkjaren har erfaring med bruk av registerdata og/ eller  globale databasar, og utfyller kompetansen til den eksisterande staben når det gjeld forskingsregion
  • Undervisingsspråket er til vanleg engelsk slik undervisinga er lagt opp no, men det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing
  • Personlege eigenskapar som er naudsynt vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60-68 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 4-8) etter hovedtariffavtalane i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida 512 700- 598 200. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA - verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskapeleg arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i JobbNorge.

 

Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informajsonen som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjonen er lagt inn innan fristen.

 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskapelege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

 

Aktuelle kandidatar kan pårekna at det vil bli holdt intervju og prøveforelesing i tilsettingsprosessen.

 

Søknadsfrist: 29.10.2017

Søknaden merkast: 17/10621


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein hos:


Instituttleier Elisabeth Fosse
e-post: Elisabeth.Fosse@uib.no
tlf: +47 55 58 27 58/930 47 742

Nestleiar Ragnhild Hollekim
e-post:
Ragnhild.Hollekim@uib.no
tlf: +47 55 58 31 32

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her

----------------------------------

 

STILLINGSOMTALE - FØRSTEAMANUENSIS I HELSEFREMJANDE ARBEID:

HEMIL-senteret som institutt vart etablert i 2010 og er organisert under Det psykologiske fakultet. Instituttet utfører forsking og tilbyr utdanningsprogram innanfor helsefremjande arbeid, barnevern, og global utvikling, sistnemnde med spesialiseringar i helsefremjande arbeid og kjønn i global utvikling. Instituttet har nært samarbeid med forskarar ved andre fakultet, og er ein leiande internasjonal akademisk institusjon innanfor helsefremjande forsking.

Den som vert tilsett må synleggjere kunnskap om  folkehelse og helsefremjande arbeid.  Helsefremjande arbeid er eit tverrfagleg felt, der hovudfokus er på dei samfunnsmessige og individuelle tilhøva som fremjar god helse i befolkninga. Dei viktigaste samfunnsmessige determinantane for helsa er økonomiske, miljømessige, politiske, sosiale og kulturelle forhold, mens dei individorienterte determinantane er knytt til motivasjon, kompetanse og åtferdsmessige tilhøve. Forsking om helsefremjande arbeid byggjer på prinsipp om etiske verdiar og befolkningsdeltaking for å utvikle helsefremjande politikk og praksis. Det vil bli lagt vekt på at søkjaren har forskingserfaring frå helsefremjande arbeid.

Helsefremjande arbeid er eit felt med stor internasjonal spreiing, og HEMIL-senteret har ei brei internasjonal kontaktflate innan forsking og undervisning. Det er ønskeleg at den som blir tilsett vil bidra i slike nettverk.

Instituttet har tre forskingsgrupper:   

BLI (Barnevern ,Likestilling og Inkludering) starta opp i 2013 og er ei fleirfagleg forskingsgruppe. BLI bidreg til vitskapeleg kunnskap innan dei tematiske områda barnevern, likestilling og inkludering, både gjennom eiga forsking, og ved samarbeid med andre nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Eit overordna siktemål er å belysa sosiokulturelle livsvillkår og handlingsrom samt inkluderings- og ekskluderingsprosessar for ulike samfunnsgrupper. Gruppa  har eit særleg fokus på norsk og nordisk kontekst.


Forskingsgruppa SIPA (Social Influence Processes on Adolescent Health) er ei tverrfagleg forskingsgruppe som i dei siste tjue åra har utvikla kompetanse i bruk og utvikling av teori og metode i sosial- og utviklingspsykologi innan forskingsområdet barn og unges helse. SIPA-gruppa freistar å utvikle ny kunnskap om korleis sosiale prosessar påverkar utviklinga av subjektiv helse og helseåtferd blant unge.


Forskingsgruppa MC-Venues (Multicultural Venues in Health, Gender and Social Justice) fokuserer på utviklingsrelatert tverrkulturell forsking,  forsking på utvikling og helse i sårbare grupper i det globale Sør, kjønn i utvikling, og  internasjonal helsepolitikk.  Gruppa inkluderer perspektiv frå ulike disiplinar og ulike tematiske interesser men  har eit felles fokus på utfordringar relatert til kunnskapsutveksling og diskursar på tvers av kulturelle grenser.

Med bakgrunn i profilen til stillinga vil det bli forventa at den som vert tilsett går inn i forskingsgruppa  Multicultural Venues. Det er likevel mogeleg å ha sekundærtilknyting til andre forskingsgrupper ved Det psykologiske fakultet.

Instituttet har tre 2-årige masterprogram som kvalifiserer studentar til forsking, undervisning og praksis:  Master i Helsefremjande arbeid, Master i Barnevern og  Master i Global Development Theory and Practice. Sistenemnde program er engelskspråkleg og tilbyr spesialiseringar i Health Promotion og Gender in Global Development. Den tilsette vil først og fremst vera knytt til programmet Global Development Theory and Practice, men det vil også vere aktuelt å undervise på  dei andre masterprogramma ved HEMIL-senteret.  Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Universitetesstyret  understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggas reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og –nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    29. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    HEMIL-senteret
  • Jobbnorge-ID
    142611
  • Intern-ID
    17/10621
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger