Statens sivilrettsforvaltning har ei brei oppgåveportefølje og forvaltar statlege ordningar på tvers av sivil- og strafferetten. Ordningane skal sikre individet sine rettar, rettslikheit og medverke til god rettspleie. Arbeidsoppgåvene våre er i stor grad knytta til behandling av enkeltsaker innanfor mellom anna områda verjemål, rettshjelp, erstatning etter strafforfølging og valdsoffererstatning. Statens sivilrettsforvaltning er også sentral verjemålsmyndigheit. Vi har etatsstyringsansvaret for fylkesmennene på områda verjemål og rettshjelp. Vi har i tillegg etatsstyringsansvaret for Kontoret for valdsoffererstatning. Vi har sekretariatsfunksjonen for Den rettsmedisinske kommisjon, Barnesakkunnig kommisjon, Barnevernets tvisteløysingsnemnd, Erstatningsnemnda for valdsoffer, Stortingets utval for rettferdsvederlag, Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll og Konkursrådet. Statens sivilrettsforvaltning forvaltar også garantiordninga for bubehandling ved mistanke om økonomisk kriminalitet i tillegg til tilskotsordninga for spesielle rettshjelpstiltak.

 Vi har for tida om lag 70 medarbeidarar og held til i sentrale lokale i Oslo og på Hamar. Sjå www.sivilrett.no for meir informasjon.

Seksjonssjef

Denne stillingen er ikke aktiv.