Helse- og omsorgsdepartementet

SFS Seksjon for finansiering og styring

Helseøkonom/samfunnsøkonom/siviløkonom – Fyrstekonsulent/rådgjevar i spesialisthelsetenesteavdeling

Det er ledig stilling frå januar 2018 som fyrstekonsulent/rådgjevar i seksjon for finansiering og styring i spesialisthelsetenesteavdelinga. Seksjonen har ansvaret for å utvikla finansieringssystema for spesialisthelsetenesta, for å handtera helseøkonomiske problemstillingar, og for å samordna arbeidet avdelinga gjer med statsbudsjettet, nasjonal helse- og sjukehusplan og oppdragsdokumentet til dei regionale helseføretaka.

 

Arbeidsoppgåver:

Vedkomande skal vera med i det daglege arbeidet i seksjonen. Arbeidsoppgåvene vert fastsette ut frå kompetanse, arbeidsrøynsle og eigenskapar.

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Utdanning på masternivå som helseøkonom, samfunnsøkonom eller siviløkonom

  • Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne

  • Gode eksamensresultat og analytisk tilhug

  • Evne til å strukturera komplekse arbeidsoppgåver og arbeida sjølvstendig.

  • Er leveringsfør og fleksibel

  • Det vert lagt stor vekt på at du høver til stillinga som person

     

Andre opplysningar:

  • 12 md vikariat

  • Vitnemål f.o.m. vidaregåande nivå skal leggjast ved søknaden

  • Nyutdanna kan søkja. Arbeidsoppgåvene vert tilpassa røynsle og kompetanse

 

Me tilbyd:

  •  Spanande arbeidsoppgåver med gode høve til å utvikla seg

  •  Eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer

  •  Løn: kr 430 100- kr. 650 000. For særleg kvalifiserte kan høgare stilling/løn vurderast

  •  Me har fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar

  • Trening i arbeidstida

Søknadsfrist: 5 oktober 2017.

Meir informasjon om stillinga får du hjå avdelingsdirektør Are Forbord på tlf. 993 90 282.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    5. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Helse- og omsorgsdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    142406
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger