Universitetet i Bergen

Kjemisk institutt

Stipendiat i syntetisk organisk kjemi – medisinsk teknologi

Ved Kjemisk institutt (www.uib.no/kj) er det ledig ei stilling som stipendiat (ph.d.-kandidat) i syntetisk organisk kjemi – medisinsk teknologi som vil vere knytt til ei tverrfagleg prosjektgruppe i medisinsk teknologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Målet med prosjektet er å designe og utvikle de novo syntesar og ny syntetisk metodikk naudsynt for å framstille nye PET tracersambindingar og cytotoksiske sambindingar. I samarbeid med partnarar i prosjektet vil dei framstilte sambindingane bli testa som PET tracerkandidatane og/eller dei nye sambindingane som vart designa og framstilt som cytotoksiske legemiddelkandidatar. Andre oppgåver inneber å utvikle syntesar/prosessar ved å nytta mikroreaktorar og annan strøymingsreaktor-teknologi.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi eller må ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.


  • Det er også ein føresetnad at søkjarar har ein sterk bakgrunn i syntetisk organisk kjemi.

  • Kunnskap om metodar om heterosykliske sambindingars kjemi, overgangsmetall-katalyserte reaksjonar i organisk syntese, kunnskapar i moderne instrumentering for organisk syntese, til dømes mikroreaktorar og annan strøymingsreaktor-teknologi, kjemometri, lækjemiddelkjemi og radiokjemi er ein føremon.

  • Gode evner til kritisk tenking og skriving er naudsynt.


  • Gode kunnskapar i engelsk er naudsynt, både skriftleg og munnleg.


  • Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det er difor naudsynt at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk med ein gong etter tilsetting.

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar)

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Fleire detaljar om forskargruppa er tilgjengeleg på http://folk.uib.no/nkjhn/. Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Hans-René Bjørsvik, telefonnummer 55583452 / E-mail: Hans.Bjorsvik@kj.uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    142232
  • Intern-ID
    17/11175
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger