Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærerutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger.

HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har ambisjoner om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil.

Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i pedagogikk for lærarutdanninga

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det frå 01.01.2018 inntil to faste stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor/høgskulelektor i pedagogikk. Tidspunkt for oppstart kan drøftast. Stillingane er i dag knytt til Avdeling for lærarutdanning og idrett, campus Sogndal.

I samband med fusjonen er organisasjonen under omstilling og frå 1. januar 2018 vil det vera etablert eit nytt Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved HVL, med utdanningar i alle dei tre regionane som HVL famnar om. Det nye fakultetet vil ha om lag 500 tilsette og om lag 6000 studentar. Fakultetet vil tilby utdanningsprogram på bachelor- og masternivå innan lærar-, musikk- og idrettsutdanning. Fakultetet tilbyr også doktorgradsstudiet Studium av danning og didaktiske praksisar

Arbeids - og ansvarsområde
Til stillinga ligg undervisning, forsking og utviklingsarbeid i pedagogiske emne i grunnskulelærarutdanninga, praktisk pedagogisk utdanning (PPU),master i læring og undervisning, vidareutdanningar og eksterne prosjekt. Den tilsette vil bli knytt til forskingsprogrammet for læringsforsking.

Forsking og utviklingsarbeid på problemstillingar med relevans til faget ligg også til stillinga og du bør skissere aktuelle forskingstema i søknaden. Nokre av undervisningsoppgåvene kan bli knytt til desentraliserte studium og medføre noko reising.

Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må minimum ha mastergrad/hovudfag i pedagogikk eller tilgrensande fagområde som har relevans til pedagogikkfaget i grunnskulelærarutdanninga. Det er ønskjeleg med doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Ved tilsetjing blir det lagt vekt på formell kompetanse, undervisningserfaring frå høgare utdanning, yrkeserfaring frå skule og arbeid med barn, dokumenterte undervisnings- og fou - resultat, og eit breitt fagleg engasjement. Til stillingane er det ønskjeleg med brei kompetanse innan pedagogikkfaget.

Stillingane krev gode samarbeidsevner og evne til å samarbeide med andre fag og eksterne partar. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som fleksibilitet, evne til å ta initiativ og engasjement.

For tilsetjing som førsteamanuensis er krava norsk doktorgrad eller vitskapleg kompetanse på tilsvarande nivå. For tilsetjing som førstelektor er krava kvalifikasjonar som samla er på nivå med førsteamanuensis, men vurderinga byggjer på eit breiare grunnlag. For tilsetjing som høgskulelektor er krava eksamen av høgare grad frå universitet eller høgskule.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju med prøveførelesing.

Tilsetjingsvilkår
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ for førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor etter ansiennitet og kompetanse. Høgskulen har god tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av Lov om statens tenestemenn og dei reglement som til ei kvar tid gjeld i høgskulen. Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift. Arbeidsspråket er norsk.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysingar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv ber om det. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

Meir informasjon får du hos dekan Osvald Lykkebø, osvald.lykkebo@hvl.no, 57 67 60 17, instituttleiar Solfrid Kjoberg, solfrid.kjoberg@hvl.no, 57 67 62 04.

Søknad med CV, attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via «Søk denne stillinga» på denne sida. Søknaden skal gje eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis og ha ei liste over vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.). Dersom eit eller fleire arbeid som vert sendt inn er produkt av samproduksjon, må søkar gjere greie for kva rolle ho/han har hatt i prosessen.

Elektronisk søknad med vedlagde attestar og vitnemål kan bli sendt vidare til ein sakkunnig kommisjon for vurdering. Det er difor viktig at all dokumentasjon kjem med i søknaden. Sentrale vitskaplege arbeid som bør med i vurderinga skal også lastast opp som vedlegg til søknaden.

Vi ber om at det i søknaden vert oppgitt to referansar der ein er frå siste arbeidsgjevar.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Nettside
  • Kommune
    Sogndal
  • Arbeidssted
    Campus Sogndal
  • Jobbnorge-ID
    142057
  • Intern-ID
    17/08889
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger