Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærerutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger.

HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har ambisjoner om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil.

Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i sjukepleie

Avdeling for helsefag har ledig ei fast stilling frå 01.01.2018 og ei mellombels stilling fram til 30.06.2018 som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i sjukepleie. Vi søkjer særskilt etter fagfolk som er kvalifiserte til undervisning, rettleiing, forsking og fagutvikling innan fagfelta operasjons- og intensivsjukepleie og i somatisk sjukepleie.

 

Dei utlyste stillingane er i dag organisatorisk knytt til Avdeling for helsefag. Arbeidsstad er Campus Førde. Frå 1. januar 2018 vil avdelinga vere ein del av eit felles fakultet for helse- og sosialfag i HVL, med utdanningar ved alle campus. Fakultet for helse- og sosialfag vil ha 360 tilsette og 3000 studentar, og tilby utdanningsprogram på bachelor- og masternivå. Det er under utvikling eit doktorgradsprogram innan helsevitskap. Fakultetet vil også ha fleire tilbod innan etter- og vidareutdanningar.

 

Arbeids- og ansvarsområde

Campus Førde tilbyr bachelorstudium i sjukepleie, masterstudium i operasjons- og intensivsjukepleie i samarbeid med Campus Haugesund og Campus Bergen, og masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester. Vi tilbyr også vidareutdanningar på områda: psykisk helsearbeid, psykososialt arbeid med barn og unge, akuttsjukepleie, aldring og eldreomsorg, rettleiing og lindrande behandling, pleie og omsorg.

 

Til stillingane ligg det undervisning, rettleiing av studentar i teoretiske emne og praksisstudium, og fagleg utviklingsarbeid, forsking og formidling knytt til emne innan bachelor-, master og vidareutdanningar. Ein må pårekne arbeidsoppgåver innanfor fleire område av sjukepleie- og helsefag. Søkjarar må ha sertifikat for bil. Ved tilsetjing som førsteamanuensis/førstelektor vil det til stillinga også ligge oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsette i kompetanseløp. Det er ønskjeleg at søkjaren presentere sine forskingsinteresser i søknaden.

 

Kvalifikasjonar

Søkjarar til stillingane må ha autorisasjon som sjukepleiar. Søkjarar med kompetanse i operasjons- eller intensivsjukepleie vil bli prioriterte. Alle må ha relevant klinisk erfaring, pedagogisk utdanning eller erfaring frå undervisning og rettleiing. Avdelinga forventar at tilsette deltek i systematisk kompetanseoppbygging i samsvar med avdelinga sine behov. For tilsetjing som førsteamanuensis er kravet doktorgrad eller vitskapeleg kompetanse på tilsvarande nivå. For tilsetjing som førstelektor er kvalifikasjonar som NOKUT sine krav. For tilsetjing som høgskulelektor er kravet master- eller hovudfag. Tilsette utan formell pedagogisk utdanning eller som ikkje kan dokumentere tilsvarande kvalifikasjonar, vil bli pålagt å gjennomføre utdanning i pedagogikk. Utdanning tatt utanfor Noreg, skal vere godkjent og stadfesta av NOKUT. Arbeidsspråket er norsk.

 

Ved rangering av kompetente søkjarar blir det lagt vekt på formell kompetanse, undervisningserfaring og dokumentert forskings- og formidlingsinnsats innan relevante fagområde. Kvalifikasjonane vil også bli vurdert i høve til den faglege samansetjinga i avdelinga. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som fleksibilitet, initiativ, omstillingsevne, stabilitet og samarbeidsevne. Vi ønskjer også tilsette som kan bidra med engasjement i det offentlege

ordskiftet.

 

Tilsetjingsvilkår

 

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ for førsteamanuensis/ førstelektor/høgskulelektor etter ansiennitet og kompetanse. Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av Lov om statens tenestemenn og dei reglement som til ei kvar tid gjeld i høgskulen.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

 

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysingar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv ber om det. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

 

Meir informasjon om stillinga får du hjå Instituttleiar Anne-Grethe Halding, epost: anne.halding@hvl.no eller telefon:57677650 og instituttleiar Dagrun Kyrkjebø epost: dagrun.kyrkjebo@hvl.no eller telefon 57677617

 

Søknad med CV, attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via «Søk denne stillinga» på denne sida. Søknaden skal gje eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis og ha ei liste over vitskaplege arbeid.


Vi ber om at du gjev opp to referansar i søknaden, ein av desse frå siste arbeidsgjevar.

Elektronisk søknad med vedlagde attestar og vitnemål vil bli sendt vidare til ein sakkunnig kommisjon for vurdering, slik det ligg føre frå søkjar. Det er difor viktig at all dokumentasjon kjem med i søknaden. Sentrale vitskaplege arbeid som bør med i vurderinga skal også lastast opp som vedlegg til søknaden.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Nettside
  • Kommune
    Førde
  • Arbeidssted
    Campus Førde
  • Jobbnorge-ID
    142056
  • Intern-ID
    17/09279
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger