Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
MultifunC Bergen ungdomssenter er ein regional institusjon for ungdom mellom 14 og 18 år med alvorlege åtferdsvanskar og arbeider etter modellen Multifunksjonell behandling i institusjon og nærmiljø (MultifunC). Behandlinga er tidsavgrensa og femnar både om eit opphald på institusjon og ein oppfølgingsperiode etter utflyttinga. Målområde for behandlinga er forutan ungdomane sjølve tilhøvet til familien, jamnaldrande og skulen. Personalet er sett saman i team med ulike oppgåver. MultifunC Bergen ungdomssenter ligg på Nedre Nattland i Bergen.
Miljøterapeutar - faste deltidsstillingar
Om stillingen
-
SøknadsfristAvsluttet
-
ArbeidsgiverBarne-, ungdoms- og familieetaten
- Nettside
-
KommuneBergen
-
Jobbnorge-ID142000
-
Intern-IDVest 85/17
-
OmfangDeltid
-
VarighetFast