Universitetet i Bergen

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forskning

UNIVERSITETET I BERGEN (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet og Universitetsmuseet. Universitetet er lokalisert midt i hjartet av Bergen. Det viktigaste bidraget universitetet gjev til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forsking (Sarssenteret) held til på Marine­holmen campus saman med biofaglege miljø knytt til Universitetet og andre forskingsinstitusjonar. Senteret er partnar med det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL) og har som følgje av det ei sjølvstendig rolle direkte underlagt UiBs rektor og den sentrale administra­sjonen.

Forskingsteknikar/Seniorforskingsteknikar (kode 1512/1513) ved Sarssenteret

Ved Sarssenteret er det ledig ei midlertidig fulltidsstilling som forskingsteknikar eller seniorforskingsteknikar, avhengig av kvalifikasjonar, i dyrefasiliteten delt av forskingsgruppene til Eric Thompson, Daniel Chourrout og Joel Glover. Ønska startdato for stillinga er januar 2018 og er i første omgang tilgjengeleg til desember 2019 med moglegheit for forlenging. Teknikaren vil arbeide i Oikopleura dioica kulturfasilitet (Appendicularia).

Arbeidsoppgåver:

Hovudansvaret er knytt til assistanse rundt den daglige drifta av fasiliteten saman med ein annan teknikar som er tilsett ved fasiliteten. Oppgåver inkluderer fòring og oppdrett av dyra, vedlikehald og dyrking av algedepot brukt til fòring av organismar, oppmåling av vannreinsingssystem, periodisk feltarbeid og å assistere dei vitskapelege tilsette med innsamling og manipulering av dyr. I tillegg til reingjering og vedlikehald av eksisterande kultursystem, kan hjelp til utvikling og konstruksjon/installasjon av nytt utstyr bli førespurd. Noko helgearbeid må påreknas, dette blir kompensert for i tråd med UiB sine reguleringar. Arbeidsspråk er engelsk og norsk.

Kvalifikasjonar og eigenskaper:

  • Tidligare erfaring med vedlikehald av dyrefasilitetar, særlig alge og/eller zooplanktondyrking er høyst ønskeleg
  • Pålitelege arbeidsvanar, reinsligheit og evne til å samhandle produktivt med vitskapeleg personale er essensielle krav
  • Generell interesse for akvatisk liv og dyrepleie er obligatorisk
  • Evne til å utføre små konstruksjoner (praktisk arbeid) og mindre elektrisk arbeid vil være fordelaktig
  • Søkarar må minimum ha vidaregåande utdanning
  • Søkaren må kunne kommunisere flytande (skriftleg og munnleg) på engelsk

Vi kan tilby:

  • Ein utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø
  • Løn som forskingsteknikar (kode 1512) eller seniorforskingsteknikar (kode 1513) frå lønnstrinn 35, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknad på engelsk eller norsk:

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på www.jobbnorge.no. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknader på e-post vert ikkje vurderte.

Søknadsfrist: 25 September 2017

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til gruppeleiar Eric Thompson, tlf.: +47 55 58 43 46, e-mail: eric.thompson@uib.no eller gruppeleiar Daniel Chourrout, tlf.: +47 55 58 43 13, e-mail: daniel.chourrout@uib.no.

UiB er ein organisasjon som i særlig grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadane. Den som vert tilsett må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.

Den statlege arbeidsstyrka skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandringsbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmode om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141965
  • Intern-ID
    2017/11221 - Appy
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger