Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Forsker i biogeokjemisk modellering

Ved Geofysisk institut er det ledig ei stilling som forskar innan biogeokjemisk modellering. Stillinga er for ein periode på 1,5 år, og knytt til dei eksternt finansierte prosjekta EVA «Earth system modelling of climate Variations in the Anthropocene» (NFR, KLIMAFORSK) og CRESCENDO “Coordinated Research in Earth Systems and Climate: Experiments kNowledge, Dissemination and Outreach” (EU, Horizon 2020).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

EVA og CRESCENDO er prosjekter med føremål å støtte klimaprognoser med jordsystemmodeller under gjevne tvangsscenarier. Den som vert tilsett vil bidra til å utføre modellkøyring og evaluere resultat for CMIP6-relaterte interkompilasjonsprosjekta OMIP og C4MIP. Analysar av flussene av klimagassene CO2 og N2O mellom hav og atmosfære og dei globale karbon-, næringsstoff- og oksygen-syklusane, vil vere i fokus. Forskaren vil jobbe i eit tverrfaglig og stimulerande forskingsmiljø som krev samhandling med andre forskarar frå ulike fagområder.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning i oseanografi, meteorologi, geologi, biologi, fysikk, matematikk, eller anna relevant disiplin innan søknadsfristen er ute.

  • Relevante programmeringsferdigheter i FORTRAN og operativsystemet UNIX er eit krav.

  • Du må kunne jobbe med omfattande matematiske modeller og store datasett.

  • Kunnskap om marine karbonsyklusar og næringsstoffer er svært ønskelig.

  • Erfaring med jordsystemmodeller og biogeokjemiske havmodeller vil vere ein føremon.

  • Du må ha tilstrekkeleg kompetanse i skriftlig og munnleg engelsk for å kunne publisere resultat og kommunisere med andre forskarar.

  • Særskilt viktig i denne stillinga er det å ha gode samarbeidsevner, vilje og evne til å arbeide tverrfagleg, og å ta ansvar for eigne oppgåver og kunne arbeide sjølvstendig.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • Namn og kontaktopplysningar til minst to referansepersonar. Ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • Relevante attestar

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt på epost til enkeltpersonar vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Christoph Heinze, Geofysisk institutt, tlf. +47 55589844, epost: christoph.heinze@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    29. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141950
  • Intern-ID
    17/9070
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger