Universitetet i Bergen

Det juridiske fakultet

Førsteamanuensis i rettsvitskap (formuerett)

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i rettsvitskap med kompetanse i formuerett. Det vil bli lagt særleg vekt på kompetanse i kontraktsrett.

 

Det juridiske fakultet har 37 professorar, 5 professor II, 11 førsteamanuensar, 1 førsteamanuens II, 30 stipendiatar, 3 forskarar, 3 post.doc og 30 teknisk-administrativt tilsette i faste og mellombelse stillingar. Fakultetet har om lag 2300 studentar. Av desse er om lag 200 innreisande utvekslingsstudentar. Nærare opplysningar om fakultetet finn du på heimesida vår: http://www.uib.no/jur.

 

Ved fakultetet blir det undervist til graden master i rettsvitskap og ph.d.-graden.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

For å bli tilsett, må søkjaren ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning og norsk doktorgrad i rettsvitskap eller tilsvarande rettsvitskapleg kompetanse.

 

Søkjarar må dokumentere generell rettsvitskapleg kompetanse. Minst eitt arbeid må gje ei djuptgåande analyse med grunnlag i norske rettskjelder, eller som frå folkerettslege eller andre internasjonale rettskjelder kaster lys over spørsmål av betydning for norsk rett.

 

Det vil òg bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Søkjarane må ha gode samarbeidseigenskapar og evne til å bidra til oppbygging av eit godt fagmiljø. I søknaden skal søkjaren gjere greie for sine mål for forskingsaktiviteten og for sin deltaking i forskingsverksemnda ved fakultetet.

 

Ein sakkunnig komité skal vurdere søkjarane sine kvalifikasjonar. I vurderinga vil hovudvekta bli lagt på dei innleverte vitskaplege arbeida og kompetanse i formuerett, særleg kontraktsrett. Den som blir tilsett i stillinga, skal ha eit særleg ansvar for undervisning og forsking i kontraktsrett og dei delar av formueretten der fakultetet manglar undervisnings- og forskingskompetanse. Det vil vidare bli lagt vekt på om søkjaren har generell kompetanse innafor fag som inngår i fakultetet sitt masterstudium.

 

Det vil dessutan bli lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar, erfaring med undervisning som byggjer på problembasert læring, erfaring frå populærvitskapleg formidling, relevant praksis, fagpolitisk og administrativt arbeid. Vi viser elles til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

 

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

 

Normalt vil nærare 50% av arbeidstida vere sett av til forsking og forskingsrelatert verksemd, og nærare 50% av arbeidstida til undervisning og undervisningsrelatert verksemd (m.a. rettleiing og eksamen) og resten til administrativ verksemd.

 

Den som blir tilsett, må vere villig til å engasjere seg i utviklingsarbeidet innan sitt eige fag og for universitetet som heilskap.

 

Løn etter lønssteg 72-77 (kode 1011/LR24), i lønsregulativet til staten. Dette utgjer for tida kr 650 200- kr 722 400. Frå bruttoløna blir det trekt pliktig innskot til Statens Pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Utfyllande opplysningar om stillinga og om prosjektet kan ein få ved å vende seg til dekan Karl Harald Søvig, e-post: karl.sovig@uib.no.

 

Søkjarar må oppgje dei arbeida eller delar av arbeida som det skal leggjast særleg vekt på ved vurderinga. Desse bør ikkje vere fleire enn 10.

 

Søknad og CV skal sendast elektronisk via linken på denne sida «Søk denne stilling» til Universitetet i Bergen

Kopiar av vitnemål og attestar, vitskaplege arbeid og ei liste over desse (i alt 3 eksemplar/sortert i 3 like bunkar) sendast til Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet, Postboks 7806, 5020 Bergen innan søknadsfristen. Dersom ein har dokument og arbeid tilgjengeleg elektronisk, kan dette og lastast opp i JobbNorge.

 

Dei vitskaplege arbeida og vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitskaplege arbeid på andre språk kan godkjennast etter særskild søknad innan søknadsfristen. Omsetjingar av vitnemål og vitskaplege arbeid må sendast fakultetet innan søknadsfristen.

Innleverte vitskaplege arbeid blir ikkje returnert med mindre søkjaren ber om dette i søknaden.

Søknaden må dessutan innehalde namn og kontaktopplysningar til referanse som kan stadfeste korleis søkjaren fungerer i undervisningssamanheng.

 

Det vil bli nytta intervju, og det kan bli nytta prøveforelesing i tilsettingsprosessen.

 

Det blir elles vist til rettleiing for søkjarar på webadresse: https://www.uib.no/jur/om-fakultetet/reglement-og-retningslinjer.

 

Søknaden skal merkast: 2017/10930

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141946
  • Intern-ID
    2017/10930
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger