Universitetet i Bergen

HR-avdelingen

Seniorkonsulent ved HR-avdelinga, Dokumentsenteret

Ved HR-avdelinga, Dokumentsenteret er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent.

 

Arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett vil delta i drift og utvikling av arkivfunksjonane ved Universitetet i Bergen, som mellom anna femnar om følgjande oppgåver: 

  • Postmottak, sak og dokumentregistrering, kvalitetskontroll og journalføring
  • Forvaltning av eldre arkiv
  • Brukarstøtte og opplæring
  • Ta del i utviklinga av e-læring og anna opplæringsmateriale retta mot brukarane av elektronisk sak-/arkivsystem
  • Produsere offentleg journal og følgje opp interne og eksterne spørsmål om informasjon/dokumentasjon

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarane må ha høgre utdanning på minst bachelor-nivå eller tilsvarande utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan oppnåast gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning.
  • Vi søkjer ein serviceinnstilt, fleksibel, kvalitets- og resultatbevisst medarbeidar med gode samarbeidsevner. God generell IT-kunnskap og kjennskap til administrative datasystem, brukarstøtte og praktisk røynsle frå områda elektronisk dokumenthandsaming/elektronisk arkiv vil bli vektlagt . Røynsle med bruk av ePhorte sak-/arkivsystem er ei føremon.
  • I vurderinga vil også evne og interesse for å driva kurs og brukarstøtte for sakshandsamarar og andre brukarar av sakshandsamings- og arkivsystem bli vektlagt. Røynsle frå andre offentlege organ er og ein fordel, men det viktigaste er at du er motivert for å jobbe innan fagområdet.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 49 – 56 (for tida kr. 430 100 – 482 500) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Arkivleiar Terje Askvik, tlf. 55 58 34 81, e-post: Terje.Askvik@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning.  Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 01.10.2017

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Dokumentsenteret
  • Jobbnorge-ID
    141935
  • Intern-ID
    17/10771
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger