Universitetet i Bergen

Institutt for klinisk odontologi

Bli med å skape fremragende forskning

Professor/førsteamanuensis i odontologi (periodonti) ved Institutt for klinisk odontologi

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling som professor (100 %) i odontologi (periodonti). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar for fast tilsetjing som professor, kan det verte aktuelt med fast tilsetjing som førsteamanuensis. Arbeidsstad er Institutt for klinisk odontologi, Det medisinske fakultet, Årstadveien 19, Bergen.

 

Dersom det ikkje melder seg søkjarar som er interessert i 100 % stilling, kan det vere aktuelt å dele opp stillinga.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger nede på sida.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Anne Nordrehaug Åstrøm tlf.: 55 58 64 83, e-post: Anne.Aastrom@uib.no eller seksjonsleiar, professor Henning Lygre, tlf.: 55 58 66 47, e-post: Henning.Lygre@uib.no.

 

Kvalifikasjonar

  • den som vert tilsett må ha norsk ph.d.-grad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse

  • søkjarane må ha odontologisk bakgrunn, vere godkjende spesialistar i periodonti og ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingstidspunktet

  • søkjarar med erfaring frå behandling med dentale implantat vert oppmoda til å søkje

  • søkjarar må kunne dokumentere omfattande klinisk erfaring i periodonti og klinisk og teoretisk undervisingserfaring, og vitskaplege publikasjonar i periodonti

  • det vil verte lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og frå forskingsstrategisk arbeid

 

Det vil vidare verte lagt vekt på personlege eigenskapar og dokumentert vilje og evne til samarbeid.

 

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

 

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

 

Løn

Professor vert lønt etter lønssteg 76-78 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 698 000 - 743 100 kr brutto for pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 59- 62 (kode 1011/lønsramme 24.3-24.6), for tida 503 800 - 535 900 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

 

 

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

 

 

Her kan du lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og utan godtgjersle rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgd.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om deg som søkjar kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, blir du varsla om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

 

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenka «Søk stillingen» på denne sida.

 

Legg ved elektronisk:

  • CV
  • vitnemål
  • attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis)

 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

 

Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er sendt inn innan fristen.

 

Ein viser til "Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige /administrative lederstillinger".

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 12.11.2017

 

 

 

Stillingsomtale

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling som professor (100 %) i odontologi (periodonti). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar for fast tilsetjing som professor, kan det verte aktuelt med fast tilsetjing som førsteamanuensis.

Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen har fem institutt. Ved Institutt for klinisk odontologi er hovudoppgåvene forsking, forskarutdanning, formidling og utdanning av tannlegar og tannpleiarar, og spesialist-/spesialutdanning i kliniske odontologiske fag.

 

Institutt for klinisk odontologi har ca. 65 årsverk fordelt på ca. 30 personer i vitskaplege stillingar, ca.15 stipendiatar og 15 i teknisk/administrative stillingar. Instituttet har hovudbase i Årstadveien 19.

 

Den som vert tilsett vil få undervisingsoppgåver i fagområdet periodonti i samsvar med gjeldande studieplanar. Seksjon for periodonti har for tida 2.5 vitskapleg tilsette, alle professorar.

 

Undervisningsdelen omfattar grunnutdanning for tannlege- og tannpleiestudentar, og etter- og spesialistutdanning av tannleger. Seksjonen har det faglege ansvaret for og driv eit 3-årig studieprogram, som kvalifiserer til spesialistgodkjenning i periodonti. Programmet har for tida fire studentar. Erfaring frå behandling med dentale implantat er ein føremonn.

Endringar i studieplanen for grunnutdanninga har ført til oppmjuking av grensene mellom tradisjonelle fagområde og forandringar i undervisingsoppgåver. Dette vil også kunne føre til endringar av oppgåver for den einskilde vitskaplege tilsette. Samarbeid med andre seksjonar er prioritert.

 

Forskingsaktiviteten ved instituttet er organisert i fire forskingsgrupper. Dei tematiske satsingsområda omfattar biomaterialar, styrt vevsbygging og regenerasjon, orale infeksjonar og inflammasjonar og klinisk odontologisk forsking. Søkjarar med forskingsrøynsle i periodonti og relaterte emne vil bli sette framfor andre.

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, og den som vert tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbydd.

 

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsettinga, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjinga. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ansvarsområde og arbeidsplikter

Den som vert tilsett har plikt til å drive forsking, teoretisk og klinisk undervising, rettleiing, eksamensarbeid og administrative oppgåver etter gjeldande retningsliner. Den som vert tilsett vil i tillegg til å undervise i periodonti, ha undervisningsforpliktingar i integrerte undervisningskurs på tvers av einingar.

 

I følgje generelle regler ved universitetet kan den som vert tilsett innanfor si normale arbeidsplikt og faglige kompetanse også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

 

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggas reell vekt ved tilsetting i vitskaplege mellom - og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan ein til dømes gjere ved å leggje ved:

 

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og nivå
  • oversikt over mastergrads- og doktorgradsrettleiing, samt resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisingskompendium og undervisingsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervising så som alternative undervisingsformer, rettleiing eller læringsmiljø

 

Tilsetjing skjer på grunnlag av vurdering av vitskapleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande myndigheit inkludert intervju og eventuell prøving av dugleik i undervisinga.

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    12. november 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141916
  • Intern-ID
    17/10816 (IVØI)
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger