Universitetet i Bergen

Institutt for klinisk odontologi

Bli med å skape fremragende forskning

Førsteamanuensis i odontologi (kariologi) ved Institutt for klinisk odontologi

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i odontologi (kariologi). Arbeidsstad er Institutt for klinisk odontologi, Det medisinske fakultet, Årstadveien 19, Bergen.

 

Dersom det ikkje melder seg søkjarar som er interessert i 100 % stilling, kan det kan vere aktuelt å dele opp stillinga.

 

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Anne Nordrehaug Åstrøm, tlf.: 55 58 66 04, e-post: Anne.Aastrom@uib.no eller seksjonsleiar – kariologi professor Ann-Katrin Johansson tlf.: 55 58 66 99,  e-post: Ann-Katrin.Johansson@uib.no 

 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha norsk ph.d.-grad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse, og ha godkjend spesialutdanning i kariologi eller spesialistutdanning i pedodonti. Søkjarar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato.

 

Det vil verte lagt vekt på både klinisk erfaring og tidlegare undervisningsverksemd, erfaring innan forsking, leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og erfaring frå forskingsstrategisk arbeid. Det vil vidare verte lagt vekt på personlege eigenskapar og dokumentert vilje og evne til samarbeid.

 

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

 

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

 

Løn

Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 59-62 (kode 1011/lønsramme 24.3-24.6), for tida 503 800 - 535 900 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt

  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling

  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

 

 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

 

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Legg ved:

 

●         CV

●         vitnemål

●         attestar

●         fullstendig publikasjonsliste

●         liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

●          ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

●         vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 for førsteamanuensis).

 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

 

Ein viser til "Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger".

 

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 12.11.2017

 

 

 

 

Stillingsomtale

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i odontologi (kariologi). Arbeidsstad er Institutt for klinisk odontologi, Det medisinske fakultet, Årstadveien 19, Bergen.

 

Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen har fem institutt. Ved Institutt for klinisk odontologi er hovudoppgåvene forsking, forskarutdanning, formidling og utdanning av tannlegar, tannpleiarar og kvalifiseringskandidatar, i tillegg til spesialist-/spesialutdanning i kliniske odontologiske fag. Odontologisk universitetsklinikk er ein integrert del av instituttet.

 

Institutt for klinisk odontologi har om lag 30 personar i vitskapelege stillingar, om lag 15 stipendiatar og 15 personar i teknisk/administrative stillingar. Tilsette med hovudstilling ved Odontologisk universitetsklinikk kjem i tillegg. Instituttet held til i Årstadveien 19, men nokre tilsette held til i Årstadveien 21.

 

Den som vert tilsett vil få undervisningsoppgåver i faget kariologi i samsvar med gjeldande studieplanar. Undervisninga femner om grunnutdanning for tannlege- og tannpleiarstudentar, (og etter- og spesialutdanning av tannlegar). Seksjonen driv, og har det faglege ansvaret for, eit 3-årig program som kvalifiserer til godkjent spesialutdanning i kariologi.

 

Endringar i studieplanen for grunnutdanninga har medført oppmjuking av grensene mellom tradisjonelle fagområde og endringar i undervisningsoppgåver. Dette vil også kunne føre til endringar av oppgåver for den einskilde vitskapelege tilsette. Samarbeid med andre seksjonar er prioritert.

 

Forskingsaktiviteten ved instituttet er organisert i større prosjekt. Dei tematiske satsingsområda omfattar oral inflammasjon og infeksjon, biomaterialar, styrt vevsbygging og regenerasjon og pasientnær og samfunnsretta klinisk odontologisk forsking. Eit senter for klinisk forsking har verte etablert for å kunne koordinere teknisk støtte og service.

 

Kvalifikasjonskrav

For å verte tilsett som førsteamanuensis må ein ha norsk ph.d.-grad eller tilsvarande kvalifikasjonar, og ha godkjend spesialutdanning i kariologi eller spesialistutdanning i pedodonti. Søkjarar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato.

 

Det vert vidare kravd dokumentert vitskapeleg kompetanse i samsvar med kompetansekrav for vitskapelege stillingar ved Det medisinske fakultet. Søkjarar må kunne dokumentere omfattande klinisk erfaring og i tillegg klinisk og teoretisk undervisning. I tillegg vil administrativ erfaring, leiareigenskapar og dokumentert evne og vilje til samarbeid verte vektlagt.

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Kurs vert tilbode.

 

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ikkje mestrar eit skandinavisk språk. Kurs vert tilbode.

 

 

Ansvarsområde og arbeidsplikter

Den som vert tilsett har plikt til å utføre forsking, teoretisk og klinisk undervisning, rettleiing, eksamensarbeid og administrative oppgåver etter gjeldande retningsliner. Den som vert tilsett vil, utanom kariologi, få undervisningsplikt i allmennodontologi.

 

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor normal arbeidsplikt og fagleg kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

 

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetting i vitskaplege mellom - og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan ein til dømes gjere ved å leggje ved:

 

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og nivå
  • oversikt over mastergrads- og doktorgradsrettleiing, samt resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

 

Tilsetjing skjer på grunnlag av vurdering av vitskapleg nemnd i tillegg til ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande myndigheit inkludert intervju og eventuell prøving av dugleik i undervisinga.

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    12. november 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141909
  • Intern-ID
    17/10415 (IVØI)
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger