Universitetet i Bergen

Institutt for biomedisin

Bli med å skape fremragende forskning

Postdoktor (3 år) i strukturbasert ligand design for riboswitches

Ved Institutt for biomedisin, i gruppa til Professor Ruth Brenk (http://www.uib.no/en/rg/brenk ), er det ledig ei 100 % mellombels stilling som postdoktor for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet Chartering chemical space of riboswitch ligands – toward future antibiotics, finansiert av Norges forskningsråd (NFR).

 

Om prosjektet

Hovudfokus for prosjektet vil vere strukturbasert ligand-design for oppdaging av riboswitch-ligandar. Riboswitchar er regulatoriske område i bodbringar-RNA (mRNA) i bakteriar og blir sett på som lovande terapeutiske mål for utvikling av nye antibiotika.

Arbeidet vil verte utført i tett samarbeid med forskingsgruppa for medisinsk kjemi ved Universitetet i Bergen (http://www.uib.no/en/persons/Bengt.Erik.Haug) og med samarbeidspartnarar i Tyskland og Canada.

 

Hovudoppgåver

Hovudoppgåvene i stillinga vil vere:

  • å designe lovande ligandar som bygger på tilgjengelege krystallstrukturar
  • å utvikle ein testprosedyre som er eigna for fragmentsikting (fragment screening) ved bruk av enten surface plasmone resonance (SPR) eller biolayer-interferometri (BLI)
  • å gjennomføre fragmentsikting
  • å bestemme bindingsaffiniteten til testsambindingar
  • å bestemme krystallstrukturar av RNA-ligand kompleks
  • å rettleie master- og ph.d.-studentar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ruth Brenk, e-post: ruth.brenk@uib.no , telefon: 55 58 60 70.

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning innanfor molekylærbiologi, farmasi, biokjemi, medisinsk kjemi eller tilsvarande fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad for tilsetjing at avhandlinga er godkjend.
  • Søkjar må ha dokumentert erfaring med minst ein av dei følgjande områda:
    • Strukturbasert ligand-design
    • Røntgen-krystallografi av makromolekyl
    • SPR eller BLI
    • In vitro transkripsjon av RNA
    • Fragmentsikting (fragment screening)
  • Erfaring frå fleire av områda ovanfor vil vere ein fordel
  • Søkjar må kunne nytte munnleg og skriftleg engelsk på høgt nivå
  • Søkjar må vise stor interesse for vitskapeleg forsking
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar slik som sjølvstendig arbeid, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
  • Tidlegare publikasjonsresultat vil vere av betydning

Den som vert tilsett må vere villig til å tilbringe fleire månadar i forskingsgruppene til samarbeidspartnarar i utlandet.

  

Vi kan tilby

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan RNA-ligand interaksjonar.
  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24.1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.


Om postdoktor stillingar
Føremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.


Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.


Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.


Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.


Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Vi gjer deg difor merksam på at opplysningar om deg som søkjar kan gjerast offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert du varsla om dette.

 

Slik søkjer du stillinga

Send søknad som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du skriv noko om din motivasjon for stillinga og kvifor du søkjer
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

 

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141904
  • Intern-ID
    17/5343
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger