Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Seksjonssjef ved Arboretet og dei Botaniske hagar

Universitetsmuseet søkjer ein engasjert og initiativrik seksjonssjef for Arboretet og dei botaniske hagane under Avdeling for naturhistorie. Seksjonssjefen er fagleg og administrativ leiar av seksjonen og rapporterer til leiar for Avdeling for naturhistorie. Seksjonssjefen vil ha overordna ansvar for hagane sine vitskaplege samlingar, og samarbeid med dei andre seksjonane på museet. Stillinga er ledig snarast. Seksjonsleiaren vil også samarbeida med Stiftelsen Det norske arboret.


Arboretet og dei botaniske hagane inneheld tre ulike hageanlegg; 1) Arboretet og 2) Botanisk hage med tilhøyrande produksjonsanlegg, på Milde 23 km sør for Bergen, og 3) Muséhagen, ein historisk hage med utstillingsveksthus på UiB campus på Nygårdshøgda. Dei levande plantesamlingane vert brukte i forsking, formidling, undervising og rekreasjon. Vi formidlar kunnskap om planter og plantemangfald og syner kvifor det er naudsynt å ta vare på mangfaldet.


Alle hagane er godt besøkte gjennom heile året og godt tilrettelagte for publikum med vegar/stiar, skilting og informasjon. Seksjonen har 22 fast tilsette, i tillegg til ein del mellombels tilsette i sommarsesongen. Tre av stillingane er vitskaplege stillingar. Seksjonssjef for arboretet og dei botaniske hagane har ansvar for både den vitskaplege og tekniske delen av verksemda. Du kan lese meir om seksjonen og verksemda på http://www.uib.no/arboretet.

 

Arbeidsoppgåver:

Vil du vere med å utvikle hagane våre til nokre av dei beste i Europa? Vi ser etter ein person som kan vere med på eit løft som gjer forskjell. Til dette treng vi ein seksjonssjef som kan:

  • Leie det faglege og administrative arbeidet i samsvar med Avdeling for naturhistorie og Universitetsmuseet sine overordna mål.

  • Leie arbeidet med å utvikle faglege mål og bidra til å vidareutvikle forskings-, forvaltings- og formidlingsaktivitet ved seksjonen og samstundes leie, motivere og utvikle medarbeidarane for å oppnå gode resultat.

  • Ha personalansvar, resultat- og budsjettansvar, samt ansvar for langsiktig planlegging, koordinering og oppfølging.

  • Ta aktivt del i forvalting og formidling ved seksjonen, i rådsmøte, på leiarseminar og i leiaropplæring.

  • Overordna prosjektleiing.

  • Samarbeide med andre botaniske hagar via aktivt deltaking i nettverk, både nasjonalt og internasjonalt.

  • Tid til fagleg oppdatering 10% av stillinga.

 

Kvalifikasjonar:

  • Interesse eller lidenskap for planter

  • PhD/Dr. grad i biologi, fortrinnsvis systematisk botanikk/taksonomi, og noko erfaring som forskar. Realkompetanse med relevans for de aktuelle oppgåvene kan kompensere utdanningskravet

  • Leiarerfaring og erfaring frå økonomi- og budsjettarbeid.

  • Kunnskap om nordisk flora og praksis frå relevant arbeid i botaniske hagar er ønskeleg.

  • Erfaring frå anna museumsarbeid som til dømes formidling, samlingsforvaltning og databasar er ein føremon.

  • Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg på et nordisk språk og engelsk

Personlege eigenskapar:

Det er viktig at den som vert tilsett er eigna for stillinga, og personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt:

  • Kunne jobbe sjølvstendig, leie andre i arbeidet, ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, like å jobbe i team.

  • Motivert og løysningsorientert.

  • Kunne prioritere i ein travel kvardag samstundes som du jobbar mot langsiktige mål.

  • Kunne representere arboretet og dei botaniske hagane på ein god måte og i tråd med UiB sin strategi.

Vi kan tilby:

  • Eit hyggeleg, utfordrande og til tider hektisk arbeidsmiljø i flotte omgjevnader.

  • Arbeidsstad: Milde

  • Løn som seksjonssjef (kode 1211) lønssteg 65-72, for tida kr 569.000 – 650.200 (etter kvalifikasjonar). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.

  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse.

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

  • Gode velferdsordningar. Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/

  •  

Generell informasjon:


Utfyllande opplysningar kan ein få frå avdelingsleiar for Avdeling for naturhistorie Aino Hosia; telefon 55582963, mob 924 67 311, eller e-post Aino.Hosia@uib.no eller seksjonssjef Inger Elisabeth Måren; telefon 55583877, mob 41285126, eller e-post Inger.Maaren@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.


Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden.


Nærare om tilsettingsprosessen her. (Her vil søkjarane også finna informasjon m.a.om velferdsordningar).

 

Søknadsfrist: 01.10.2017

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Arboretet og dei botaniske hagane
  • Jobbnorge-ID
    141896
  • Intern-ID
    17/10090
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger