Universitetet i Bergen

Det medisinske fakultet

Bli med å skape fremragende forskning

Postdoktor (2 stillingar)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig to (2) opne stillingar som postdoktor i tre (3) år frå 1. februar 2018.

 

Stillingane vil bli knytt opp mot det instituttet det er naturleg at prosjektet til søkjaren høyrer til. Tilsetjinga gjeld for ein periode på tre (3) år i 100% stilling. Postdoktoren kan verte pålagt opptil 25% pliktarbeid ved instituttet. Pliktarbeidet kan til dømes vera undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing alt etter behovet ved instituttet, pliktarbeid kan vere knytt til fakultetet si Forskarline eller ved grunnkurset MEDMET for ph.d.-kandidatar. Undervisingsspråket på grunnutdanningane er til vanleg norsk, men på ph.d. utdanninga er det engelsk. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav. 

 

Vurdering av søknad:

Søknadane blir vurderte ut frå lgjande kriterier:

 

Kandidat: Søkjaren sin kompetanse, karaktergrunnlag og relevant fagleg aktivitet inkludert avtalt/planlagt utanlandsopphald

Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, samt om det kan gjennomførast innafor rammene for ei postdoktorstilling.

Forskingsmil: Milet si evne til å utvikle kandidaten, nasjonale og internasjonale faglege nettverk, relevant publikasjonsaktivitet.Tverrfaglege prosjekt mot sterke forskingsmiljø vert tillagt rleg stor vekt.

 

Meir informasjon finn du på http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger

 

Krav til søkjar:

Du må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Avhandlinga må vere godkjent ved tilsetjingstidspunktet i stillinga.

 

 

Vi kan tilby:

-     Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/LR 24.1), med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 59 og med spesialistutdanning lønssteg 61 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

-     God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse.

 

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: www.uib.no/poa/karriere-ved-uib

 

   50 % stilling:

Det er mogleg å kombinere 50% postdoktorstilling med anna 50% stilling. Samla tilsetjingsperiode for kombinert stilling er 6 (seks) år. Det må opplysast at ein ønskjer 50/50 stilling i søknaden, og dette må vere klarert skriftleg med begge arbeidsgjevarar før tilsetjing. 

 

 

Andre opplysingar:

Utfyllande opplysningar om søknadstekniske forhold kan du få ved å vende deg til rådgjevar ved Seksjon for rekruttering Eldbjørg Sanden Søvik, (e-post: Eldbjorg.Sovik@uib.no, telefon: 55 58 61 42).

  

Har du faglege spørsmål knytt til stillinga kan du vende deg til prodekan Roland Jonsson (e-post: roland.jonsson@uib.no telefon55 97 46 49).

 

 

Om postdoktorstillinga:

 

Føremålet med stillinga er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidarering av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innanfor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillinga har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar.

 

Det er eitl at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert difor vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre remål enn det som er fastlagt ved lov.

 

Søkjar skal kome med framlegg til prosjekt for kvalifiseringsarbeidet. Prosjektskissa skal innehalde ein framdriftsplan. Det er ein resetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

 Prosjektomtale og framdriftsplan skal inngå som del av (vedlegg til) arbeidskontrakten, og skal innehalde namn på densom har plikt til å vere mentor (fagleg rådgjevar) for den tilsette. Mentor må vere tilsett ved UiB. Det vil berre bli vurdert ein søknad for kvar mentor m.o.t. postdoktorstipend.

  

Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt dette tilsettingsforholdet ved ein annan institusjon i regionen. 

 

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil fire år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.

 

  

Om rekruttering i statlege stillingar:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitiskl å få ei balansert alders- og knnssamansetjing, samt å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevene. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om kjaren kan verte gjort offentlege sjølv om kjaren har oppmoda om ikkje å verte rt på kjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til lgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

Slik søkjer du på stillinga:

Send knad og CV (maksimalt 3 sider) etter mal http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger som inneheld fullstendig oversikt over tidlegare utdanning, tidlegare verksemd og relevant erfaring, samt kontaktinformasjon for minst to referansepersonar, elektronisk til Universitetet i Bergen via lenkje på denne sidaSøk stillinga»). 

 

knadsbrevetdu skrive tittel på prosjektet ditt. Her skal det òg komme fram kven som er mentor (fagleg rådgjevar) og eventuelle medmentorar 

 

Du kan ha inntil åtte vedlegg som skal ha namn som samsvarar med innhald og som må nummererast frå 1-8 som følgjer:

 

  1. Vitnemål og attestar (pdf)

  2. Prosjektskisse på maksimalt sju sider, inkludert samandrag og referansar. Mal: http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger

  3. Publikasjonar og vitskaplege arbeid (pdf) som du ønskjer at det skal verte teke omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse.

  4. Mentorerklæring (maks 1 side).

  5. Mentor sin CV (maks 3 sider) etter mal http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger og kandidatproduksjon, mentor sine publikasjonar dei siste 5 år, tall for mentor sine PubMed artiklar totalt, og som første, andre og sisteforfattar, og mentor sin H-indeks rekna etter Web of Science.

  6. Doktorgradsavhandlinga (elektronisk format).

  7. Omtale av forskingsgruppa (maks 1 side).

  8. Eventuelle andre vedlegg.

 

 

Vi gjermerksam at vi ikkje vil kunne vurdere deg som søkjar dersom vedlegg manglar iknaden.

 

 

Søknad sendt på e-post vil ikkje bli vurdert.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    29. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141892
  • Intern-ID
    17/10964
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger