Universitetet i Bergen

Det medisinske fakultet

Bli med å skape fremragende forskning

Stipendiat (25 stillingar)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig 25 stipendiatstillingar frå 1. februar 2018.

 

Femten (15) stipendiatstillingar er opne stillingar.

Stillingane er opne for søkjarar med masterutdanning relevant for fakultetets forskingsfelt. Stipendiatar vert tilsett i 100 % stilling for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vera undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.Dersom du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, vert denne tilsettingsperioden trekt ifrå den samla tilsettingsperioden.

  

Inntil tre (3) 50 % stipendiatstillingar er øyremerkt dobbeltkompetanseløpet i odontologi.

Dette inneber tilsetjing som stipendiat og spesialistkandidat i kombinert 100 % stilling for same periode som spesialistutdanninga. Søkjarar til dobbeltkompetanseløpet ha søkt på den nasjonale utlysninga til dobbeltkompetanseløpet i odontologi (frist 10. september 2017) i tillegg til å søkje stipendiatstilling.

Føresetnaden for denne kombinerte stillinga er at du vert tilsett som stipendiat og teken opp i ph.d.-programmet, samt teken opp på spesialistutdanninga samstundes. Sjå:

http://www.uib.no/odontologi/67115/dobbelkompetanse-i-odontologi

 

Sju (7) stillingar er øyremerkte for kandidatar med bakgrunn frå

forskarlina:

Stillingane er kvoterte for søkjarar med bestått cand. med. og master i odontologi. Det er berre dei som har fullført forskarlina under studiet som kan søkje på desse stillingane. Det er eit vilkår at du startar i stipendiatstillinga direkte etter studiet.

Dei som vert uteksaminert hausten 2017 startar i stillinga 1. februar 2018.

Dei som vert uteksaminert våren 2018 startar i stillinga 1. september 2018.

Dei som får stillingane vert tilsette i 100 % stilling i ein periode på tre (3) år, med fråtrekk av tid for gjennomført opplæringsdel i ph.d.-programmet, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før tre år. Desse stipendiatstillingane medfører ikkje arbeidsplikt ved instituttet, men dei som får stillingane pliktar å arbeide i inntil 20 timar årleg ved forskarlina. Dette arbeidet er knytt til rekruttering, informasjonsarbeid og liknande, etter avtale med leiinga ved forskarlina.

 

 

For alle stillingane ovanfor gjeld:

Stillingane vil verte knytte opp mot det instituttet som det er naturleg at prosjekta høyrer inn under.

 

Høve til 50 % stilling:

Det er mogleg å kombinere 50 % stipendiatstilling med anna 50 % stilling. Samla tilsetjingsperiode for kombinert stilling er 6 år. Det må opplysast at ein ønskjer 50/50 stilling i søknaden, og dette må vere klarert skriftleg med begge arbeidsgjevarar før tilsetjing.

 

Vurdering av søkjaren:

Søknadene vert vurderte ut frå følgjande kriterier: 

  • Kandidat: Søkjarens kompetanse, karaktergrunnlag og relevant fagleg aktivitet.

  • Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, samt om det er mogleg å gjennomføre det innanfor rammene til ph.d.-programmet og stipendiatstillinga.

  • Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten, nasjonale og internasjonale faglege nettverk, relevant publikasjonsaktivitet og rettleiarerfaring. Tverrfaglege prosjekt mot sterke forskingsmiljø vert tillagt særleg stor vekt.

    Meir informasjon finn du på http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger

 

Forskarutdanning:

Som stipendiat ved Det medisinske fakultet skal du delta i eit godkjent program for ei doktorgrad innanfor den fastlagde tidsramma. Du må vere teken opp i doktorgradsprogrammetved fakultetet for å kunne vere stipendiat. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere sendt til  fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

 

Hovudrettleiar bør vere tilsett ved Det medisinske fakultet. Minst ein rettleiarar må vere tilsett ved fakultetet. Rettleiar må vere på fakultetet i heile tilsetjingsperioden. Det vil berre bli vurdert ein søknad per hovudrettleiar i kvar søknadskategori.

 

Vi kan tilby: 

  1. Løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR20.8) ved tilsetjing. For søkjarar med gjennomførd turnusteneste og søkjarar med minst eitt års tilsetjing i tannlegestilling: lønssteg 52. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning: lønssteg 58 (kode 1017/LR20.15).

  2. God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse.

 

Andre opplysningar:

Stipendiatstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som stipendiat ved same institusjon.Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

 

Du kan søkje stipendiatstilling før masterutdanninga er fullført, men det er då eit krav om at mastergraden må vere godkjent ved tilsetjingstidspunktet i stillinga. Søkjarar med utanlandsk utdanning må og ha godkjenning av høgare utdanning frå NOKUT.

 

Undervisningsspråket på grunnutdanningane er til vanleg norsk. På ph.d.-utdanninga er undervisningsspråket engelsk. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.

 

Utfyllande opplysningar om søknadstekniske forhold kan du få ved å vende deg til rådgjevar ved Seksjon for rekruttering Eldbjørg Sanden Søvik (e-post: Eldbjorg.Sovik@uib.no , telefon: 55 58 61 42).

 

Har du faglege spørsmål knytt til stillinga kan du vende deg til prodekan Roland Jonsson (e-post: Roland.Jonsson@uib.no , telefon: 55 97 46 49).

 

  

Rekruttering i statlege stillingar:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders-og kjønnssamansetjing, samt å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

Slik søkjer du på stillinga:

Send søknad og CV (maks 3 sider) etter mal som inneheld fullstendig oversikt over tidligare utdanning, relevant erfaring og vedlegg elektronisk til Universitetet i Bergen via lenkje på denne sida («Søk stillinga»). Malen finn du på http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger

 

I søknadsbrevet må du skrive tittel på prosjektet ditt. Her skal det òg komme fram kven som er hovudrettleiar og eventuell(e) medrettleiar(ar). Du kan søkje både open og øyremerkt stilling. Dette må komme fram i søknadsbrevet. Her må du skrive kva stillingar du søkjer og om du søkjer øyremerkt og/eller open stilling.

 

Du kan ha inntil åtte vedlegg som skal ha namn som samsvarar med innhald og som må nummererast frå 1-8 som følgjer: 

  1. Prosjektskisse på maksimalt seks sider, inkludert samandrag og referansar. Prosjektskissa skal innehalde tema, problemstillingar og val av teori og metode. http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger 

  2. Stadfesta kopi av vitnemål og karakterutskrifter av all høgare utdaning på originalspråket.

  3. Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.

  4. Eventuelle vitskaplege arbeid (pdf) og liste over publikasjonar. 

  5. Rettleiarerklæring (maksimalt 1 side), hovudrettleiar sin CV (maksimalt 3 sider) etter mal og kandidatproduksjon, hovudrettleiar sine publikasjonar dei siste 5 år, tall for hovudrettleiar sine PubMed artiklar totalt, og som første, andre og sisteforfattar, og hovudrettleiar sin H-indeks rekna etter Web of Science. Mal finn du på http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger

  6. Omtale av forskingsgruppa (maksimalt 1 side). 

  7. - 8. Eventuelle andre vedlegg.

 

Vi gjer merksam på at vi ikkje vil kunne vurdere deg som søkjar dersom vedlegg manglar i søknaden.

 

Søknad sendt på e-post vil ikkje verte vurdert.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    29. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141891
  • Intern-ID
    17/10966
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger