Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Ph.d.-stipendiatar knytt til lærarutdanning – st. nr. 37/2017

 

Ved Høgskulen i Volda er det ledig to stipendiatstillingar (doktorgradsstipend) innafor lærarutdanning. Stipendiatane skal vere med på å styrke det vitskaplege grunnlaget for ei eller fleire av lærarutdanningane ved høgskulen: Barnehagelærarutdanning, Grunnskulelærarutdanning 1-7, Grunnskulelærarutdanning 5-10 og Praktisk pedagogisk utdanning allmennfag og yrkesfag. Grunnskulelærarutdanningane er frå opptaket i 2017 5-årige masterutdanningar. Høgskulen i Volda tilbyr masterfag i norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag og spesialpedagogikk. Søkjarane må gjere greie for eit forskingsprosjekt som tek opp sentrale pedagogiske og/eller fagdidaktiske utfordringar i arbeidet som lærar i barnehage og/eller skule.

 

Ei stipendiatstilling er ei mellombels tilsetting på fulltid i tre år. Eventuelt kan tilsettingsperioden forlengast til fire år, der 25 prosent av stillinga blir knytt til undervisning eller andre faglege gjeremål ved Høgskulen. Arbeidsstaden er Høgskulen i Volda. Den som vert tilsett vert knytt til Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Dersom den faglege innretninga på forskingsprosjektet tilseier det, kan ein vurdere anna avdelingstilknyting.

 

Høgskulen kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

 

Søkjarar må ha fullført mastergrad¬utdanning eller tilsvarande. Søknaden skal innehalde ei prosjektskisse for det forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (Ph.D-avhandlinga). Søkjarane sine kvalifikasjonar og prosjektskissene vert vurderte av eit sakkunnig utval. I vurderinga blir det lagt stor vekt på kvaliteten på prosjektskissa. Fagleg erfaring eller forskingskompetanse utover mastergrad på det aktuelle fagfeltet vil også bli vektlagt. Det vil bli gjennomført intervju med aktuelle søkjarar.

 

Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

 

Eit vilkår for å ta til i stillinga som stipendiat er at ein har opptak på eit godkjent nasjonalt eller internasjonalt doktorgradsprogram. Vi gjer merksam på at dei doktorgradsgjevande institusjonane til vanleg stiller krav om gjennomsnittskarakter på B eller høgare på masterstudiet for å få opptak. Frist for å levere dokumentasjon på dette er 6 månader etter ein har fått tilbod om stillinga. Søkjarar med utanlandsk mastergrad kan kontakte NOKUT for å søkje om godkjenning av utdanninga.

 

Høgskulen kan hjelpe til med utviklinga av søknad om opptak på doktorgradsprogram. Høgskulen i Volda har saman med Høgskulen i Molde doktorgradsprogrammet "Ph.D i helse- og sosialfag. Vilkår for profesjonsutøving". Stipendiaten vil også kunne delta i forskingsfellesskap gjennom forskarskular som Høgskulen i Volda deltek i: NAFOL (Nasjonal forskerskole for lærerutdanning), RVS (The Research School Religion, Values and Society), NATED (National Graduate School in Education) og Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.

 

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

 

Stipendiatstillingane er underlagt føresegnene i «Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat», fastsett av KD 31.2.2006, og ut over dette av dei lover, avtalar og reglement som til ei kvar tid gjeld. Ved Høgskulen gjeld også «Reglar, rettar og plikter for stipendiatar ved Høgskulen i Volda».

 

Stipendiatstilling vert løna i statens lønsregulativ, lønnsplan 17.515, stillingskode 1017 stipendiat, LR 20.

 

Søknadsfrist: 20. oktober 2017.

 

Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk gjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge. Det er lenkje til elektronisk søknad på nettstaden: www.hivolda.no/stilling.

 

I Jobbnorge registrerer du informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du informerer om referansar. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis.

 

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post til høgskulen.

 

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- masteroppgåve og eventuelle andre vitskaplege arbeid
- prosjektomtale

 

Dersom ein allereie har fått stadfesting av opptak i eit godkjent doktorgradsprogram, må dette leggjast ved som vedlegg til søknaden.

 

Søkjarane på stipendiatstillingar vil få høve til å laste opp vedlegg to veker etter søknadsfristen. For denne stillinga vil det seie at siste frist for å laste opp vitnemål og attestar, CV, publikasjonslise, vitskapelege arbeid og prosjektomtale er 2. november 2017.

 

Ta kontakt med personalkontoret på e-post: personal@hivolda.no når du er klar til å sende inn vedlegga. Du vil då få tilsendt link på e-post, slik at du kan laste opp vedlegga.

 

Prosjektskissa som skal sendast inn skal vere på maksimum 10 sider. Der skal det kome fram kva ein ønskjer å forske på, kvifor dette er viktig i høve til prosjektutlysinga og kva som er forskingsstatus på feltet. Prosjektomtalen skal òg gjere greie for prosjektet sine teoretiske og metodiske utgangspunkt, kva slags empiri/materiale ein tek sikte på å nytte og innehalde eit utkast til tidsplan for arbeidet.

 

I samsvar med offentliglovens § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Dei som ønsker å reservere seg må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følgje.

 

Nærare opplysingar om stipendiatstillinga kan ein få med dekan Arne Myklebust tlf. 70 07 50 95, e-post: arne.myklebust@hivolda.no. For generelle spørsmål som gjeld tilsettingsforhold kan søkjarar ta kontakt med personaldirektør Nina Garshol på e-post: personal@hivolda.no.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen i Volda
  • Nettside
  • Kommune
    Volda
  • Jobbnorge-ID
    141885
  • Intern-ID
    37/2017
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger