Universitetet i Bergen

Institutt for klinisk odontologi

Bli med å skape fremragende forskning

Instruktørtannlege (30 %, vikariat)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei 30 % stilling (vikariat) som instruktørtannlege med arbeidsplass for tida ved Seksjon for periodonti. Stillinga er ledig fram til 30.6.2018.

 

Det kan verte aktuelt å dele opp stillinga og stillinga kan verte forlenga.

 

Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatane og studentane både praktisk og teoretisk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mulig å delta i faglege fora.

 

Krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Søkjarar må ha norsk autorisasjon på tilsetjingsdato. Det er ønskeleg med erfaring frå allmenn praksis og undervisningserfaring.

 

Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga av søkjarane vil dei personlege eigenskapane verte vektlagde.

 

For stillingane gjeld Særavtale om arbeidsvilkår m.v. for instruktørtannlegar ved universiteta i Oslo og Bergen. http://regler.app.uib.no/regler/Del-3-Personal-og-HMS/3.1-Personalforvaltning/3.1.3-Regler-og-retningslinjer-for-vitenskapelige-stillinger/Retningslinjer-for-stilling-som-instruktoertannlege-ved-UiB-og-UiO

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

 

Seksjonsleiar professor Henning Lygre, tlf.: 55 58 86647 eller e-post: Henning.Lygre@uib.no

 

Overtannlege Dagmar tlf.: 55 58 86643 / 48 e-post: Dagmar.Bunes@uib.no


Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • stilling som instruktørtannlege (kode 1015) er lønt i lønssteg 58-66 etter kvalifikasjonar (for tida 499 600 – 579 300 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling), alternativt kode 1353 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.  Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga

  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)

  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar

  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

 

Søknader som blir sendt på e-post vil ikkje bli vurderte.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141882
  • Intern-ID
    17/10823
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger