Universitetet i Bergen

HR-avdelingen

Tekst: Analytisk og framtidsrettet?

Seniorrådgjevar - utvikling av digitale HR-prosessar

HR-avdelinga støttar og gir råd til universitetet sine leiarar og tilsette i personal- og organisasjonsfaglege spørsmål. Avdelinga har ansvar for utvikling og utøving av personalpolitikken ved UiB. Vi skal utvikle gode rammer for rekrutteringsarbeidet, tilby kompetanseutvikling for medarbeidarane og styrke leiarutvikling gjennom heile organisasjonen.

HR-avdelinga har fire seksjonar: Seksjon for leiar- og organisasjonsutvikling, Seksjon for rekruttering og personal, Seksjon for HMS, beredskap og BHT og Dokumentsenteret. Det er for tida totalt 38 tilsette ved avdelinga. Stillinga som seniorrådgivar er knytt til Seksjon for organisasjon- og leiarutvikling.

Universitetet i Bergen har mål om å verte digitalt sjølvbetjent innan 2022 og administrative tenester skal vere brukarvenlege og tilgjengelege. Nye digitale verktøy, system og tenester endrar arbeidsmetodar, prosessar, kultur og organisering. HR-avdelinga har ei sentral rolle i dette utviklingsarbeidet og søkjer derfor å styrke avdelinga med ein seniorrådgivar i fast stilling med særskilte oppgåver inn mot organisasjonsutvikling og digitalisering.

Arbeidsoppgåver:
• Leie, og delta i, digitaliserings- og organisasjonsutviklingsprosjekt
• Prosesskartlegging
• Representere HR i tverrfaglege team
• Fagleg rådgjeving
• Implementeringstøtte og leiarutvikling
• Kompetansehevande tiltak i organisasjonen

Kvalifikasjoner og eigenskapar:
• Høgare utdanning på masternivå, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved lang, relevant praksis og etter- og vidareutdanning
• Brei erfaring frå arbeid med digitalisering i større verksemder
• God kompetanse innan organisasjonsutvikling
• Erfaring frå gjennomføring av tverrfaglege endringsprosjekt
• Kompetanse på digitale verktøy innan administrative prosessar
• Kompetanse på prosesskartlegging
• Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar

Vi kan tilby:
• Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
• Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 65 - 70 (for tida kr 569 000 - 623 900) i det statlege lønsregulativet.
• Medlemsskap i Statens pensjonskasse
• Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
• Gode velferdsordningar

Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: HR-direktør, Sonja Dyrkorn, Universitetet i Bergen, 55 58 28 08/ 481 62 687

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141754
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger