Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Praksiskoordinator / seniorkonsulent

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Avdeling for lærarutdanning,  campus Bergen, er det ledig ein fast stilling i 100%  som praksiskoordinator(seniorkonsulent). Stillinga er knytt til praksisadministrasjonen.


Avdeling for lærarutdanning er Vestlandets største lærarutdanningsinstitusjon med rundt 2650 studentar og 260 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. og 5. - 10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, 9 masterutdanningar og eit ph.d.-program. Vi har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Avdelinga har to forskingssenter: Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon og Senter for utdanningsforsking.

I samband med fusjonen er organisasjonen under omstilling og frå 1. januar 2018 vil det vere etablert eit felles fakultet for lærarutdanningane  i HVL;  Fakultetet for lærarutdanningane, idrett og kulturfag. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil vere praksisadministrasjon tilknytta barnehagelærarutdanning og grunnskulelærarutdanning, eventuelt andre utdanningar. Oppgåvene omfattar informasjons- og kommunikasjonsarbeid og kontakt med ulike grupper internt og med eksterne samarbeidspartnarar, organisering av kurs og fagdagar, sakshandsaming, rettleiingsoppgåver og arbeid med praksisavtalar og økonomi. Utviklings- og utgreiingsoppgåver med særleg vekt på digitale løysinger vil vere ein viktig del av stillinga.

Kvalifikasjonskrav

Søkarar må ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minst bachelornivå. Høg digital kompetanse og gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg er ein forutsetning.

Søkaren må vere utadvendt, utviklingsorientert, initiativrik, ryddig og nøyaktig. Søkaren må vidare vere fleksibel og samarbeidsorientert og samstundes ha evne til å arbeide sjølvstendig.

Tilleggskrav

Erfaring frå barnehage, grunnskule eller annan relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Det vil vere ein fordel med kjennskap til lærarutdanningane og universitets- og høgskulesystemet,  og erfaring med sakshandsaming og FS som verktøy.

Lønnsvilkår

Stillinga er løna i stillingskode 1363 seniorkonsulent, årsløn mellom 443 900  og 508 800. Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersonar

Eli Borsholm, rådgivar/teamleiar tlf:55585957

Tone Reistad, kontorsjef tlf:555897557

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    24. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    campus Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141657
  • Intern-ID
    17/08934
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger