Universitetet i Bergen

Klinisk institutt 2

Bli med å skape fremragende forskning

Økonomikonsulent (førstekonsulent, vikariat)

Ved Klinisk Institutt 2 (K2), Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen er det ledig eit 100 % vikariat som førstekonsulent (økonomikonsulent) fram til mai 2018 med høve til forlenging. Stillinga vil inngå i ei gruppe med seks andre økonomar under leiing av administrasjonssjefen ved instituttet.

 

K2 er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet, og er lokalisert i Laboratoriebygget på Haukeland Universitetssjukehus (HUS) i Jones Lies veg 87. Instituttet har som oppgåve å drive medisinsk forsking, vegleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå, og har viktige oppgåver i legeutdanning, mastergradutdanning og ph.d.-utdanning innan medisin og farmasi.

 

K2 er eit stort og fagleg vidfemnande institutt med over tjue forskingsgrupper innan ei rekke medisinske fagområde. Instituttet forvaltar eit årleg budsjett på om lag 190 millionar kroner, fordelt på om lag 90 millionar over grunntildelinga og om lag 100 millionar frå eksterne finansieringskjelder særleg Norges Forskningsråd, EU, Kreftforeningen og stiftelsar. K2 har ein stor prosjektportefølje og over halvparten av dei vitskaplege stillingane er dekka gjennom eksternt finansierte tidsavgrensa forskingsprosjekt.

 

Den som vert tilsett, vil ha hovudtilknyting til instituttet, men deler av stillinga vil være knyta til ei forskingsgruppe og oppfølging av forskingsprosjekt i gruppa.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utforming og oppfølging av budsjett i FoU-prosjekt
  • Utforming og oppfølging av instituttets budsjett og rekneskap
  • Økonomirapportering til prosjektleiar og økonomikoordinator
  • Oppfølging av økonomiske midlar
  • Oversikt over større innkjøp og anbod
  • Budsjettering av og støtte til større prosjektsøknadar
  • Administrativ støtte til instituttet og prosjektleiar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha økonomisk utdanning på minst bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring frå privat verksemd og / eller offentleg sektor er eit krav.
  • God rekneskapsforståing og administrativ IT-kompetanse, spesielt Excel, er ønskjeleg.
  • Kjennskap til prosjektadministrasjon, samt erfaring frå offentleg forvaltning er ønskeleg.
  • Erfaring i bruk av Oracle Financial og Basware er ønskjeleg.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta ansvar.
  • God evne til å samarbeide og gode analytiske evner.
  • Service - og løysningsorientert.
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande oppgåver i eit spennande forskingsmiljø

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Kompetanse- og karriereutvikling. Gode interne kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon

  • Nettverk for økonomikonsulentar som bidreg til fagleg utvikling

  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 47-53 (for tida kr 412 600 - 457 600). For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

økonomikoordinator Siv Johnsen Eggereide, Klinisk Institutt 2, tlf.: 55 97 72 39, e-post: siv.eggereide@uib.no , eller administrasjonssjef Julie Stavnes, Klinisk Institutt 2, tlf.: 55 97 29 58, e-post: julie.stavnes@uib.no 

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga

  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)

  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar

  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

 

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

 

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    24. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141626
  • Intern-ID
    17/2802
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger