Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Tekst: Del historien/Ta del i historien

Postdoktor i den atmosfæriske vannsyklusen si dynamikk

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i den atmosfæriske vannsyklusen si dynamikk knytt til prosjekta SNOWPACE og INTAROS. Stillinga er for ein periode på 4 år.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjekt SNOWPACE har som formål å utforske kor vannkjeldane til snøen i Noregs vinterfjell ligg, og kor variable dei er. Arbeidet famnar om ein kombinasjon av laboratorium og feltarbeid med målingar frå båt, på stasjoner og i snøområde, samt utvikling og bruk av avanserte atmosfæriske modellar med isotopfraksjonering til interpretasjon. For å tilnærma oss til det overordna målet å forbetre vannsyklusen i atmosfæriske modellar ved bruk av stabile isotopmålingar, leter vi etter ein nysgjerrig og kreativ kandidat med relevant bakgrunn i analyse av stabile isotopar og deira modellering, meteorologi og klima, hydrologi, gasiologi, fysikk eller numerikk.

 

Krav for søkjarar

Du må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i et relevant felt, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • kunnskap om stabile isotopar på forskjellige tidsskalaer i teori og praksis

  • erfaring med laboratoriearbeid og analytiske prosedyrar relatert til stabile vannisotopar

  • evne til å delta i feltarbeid i utfordrande natur (båt, vinterfjell)

  • erfaring med numeriske vêrvarslingsmodellar og trajektoriemodellar

  • tekniske ferdigheter i scripting (Python, R, bash/shell) og/eller programmering (C++, FORTRAN)

  • erfaring med Linux clusters, store datasett og modellomgivnader er ein føremon

  • dokumenterbar evne til sjølvstending forskingsarbeid og i vitskapelig skriving

  • evne til å arbeide sjølvstendig og god samarbeidsevne

  • gode ferdigheter i skriftlig og munnleg engelsk

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år, kor av 3 år er i prosjekt SNOWPACE, 9 månader er i prosjekt INTAROS, og 3 månader er pliktarbeid i form av undervisningsarbeid og tilsvarande arbeid. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tilsetjing skal det som vert tilsett kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 57 kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

  • CV og liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. post til enkeltpersonar, vil ikkje verte vurderte.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Harald Sodemann, Geofysisk institutt.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    24. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141326
  • Intern-ID
    17/9296
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger