Universitetet i Bergen

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Bli med å skape fremragende forskning

Professor/førsteamanuensis (60 %) i medisinsk historie ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som professor (60 %) i medisinsk historie. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professorkompetanse, kan det verte tilsett førsteamanuensis.

 

Dersom det er hensiktsmessig, kan søkjar verte tilsett i 50 % stilling i staden for 60 % stilling.

 

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida.


Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte professor Aina Schiøtz, tlf.: 55 58 85 05, e-post: Aina.Schiotz@uib.no eller instituttleiar professor Guri Rørtveit, tlf.: 55 58 61 41, e-post: Guri.Rortveit@uib.no

 

Kvalifikasjonar

Søkjaren må ha norsk ph.d.-grad eller tilsvarande kompetanse innan helsefagleg, medisinsk eller historiefagleg utdanning og kunne dokumentere forsking og eventuelt anna kompetansegivande verksemd knytt til medisinsk historie/helsehistorie.

 

Den som vert tilsett skal vidareutvikle medisinsk historie som fag i undervisninga av studentar i medisin, helsefag og odontologi, og styrkje medisinsk-historisk forsking meir ålment – såleis også i forskarutdanninga. Vidare er målsettinga å integrere medisin- og helsehistoriske problemstillingar og forståing generelt i dei disiplinane Det medisinske fakultet har ansvar for. Samstundes er det viktig at faget har ein sjølvstendig profil med særleg vekt på framveksten av helseprofesjonane sine ansvarsområde overfor den einskilde pasient og samfunnet i stort. Slik kan faget gi viktige premissar for utviklinga av fagleg identitet hos studentane. Den som vert tilsett vil vere ansvarleg for vidareutvikling og administrasjon av undervisningstilbodet og eventuell forskarutdanning i medisinsk- og helsefagleg historie.

 

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

 

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

 

Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid. Det vert vidare lagt stor vekt på evne til tverrfagleg samarbeid.

 

Løn

Professor vert lønt etter lønssteg 76-78 (kode 1013), for tida 698 000 - 743 100 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, i lønsregulativet til staten. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 59-62 (kode 1011/lønsramme 24.3-24.6), for tida 503 800 - 535 900 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til ein kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

 

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, og vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Legg ved:

 

●         CV

●         vitnemål

●         attestar

●         fullstendig publikasjonsliste

●         liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

●          ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

●         vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis)

 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Vedlegga kan vere i pfd-format. Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Det medisinske fakultet, Postboks 7804, 5020 Bergen. Merk pakken 2017/3348.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

Søknadsfrist: 01.10.2017

 

 

 

 

Stillingsomtale

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som professor (60 %) i medisinsk historie. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professorkompetanse, kan det verte tilsett førsteamanuensis.

 

Institutt for global helse og samfunnsmedisin er eitt av fem institutt under Det medisinske fakultet. Til instituttet høyrer det for tida til 60 fast vitskaplege tilsette og 25 fast teknisk/administrativt tilsette. Instituttet har omlag 20 postdoktorar og 130 doktorgradsstudentar. I tillegg er det omlag 120 masterstudentar i helsevitskap/helsefag. Dei vitskapleg tilsette er organisert i 10 faggrupper og 14 forskargrupper. Instituttet driv fleire masterprogram. Instituttet har dessutan ansvar for undervisning i ei rekke emne i legeutdanninga og ansvar for forskarskule i samfunnsmedisin og helsefag i tillegg til ein forskarskule i internasjonal helse.

 

Stillinga i medisinsk historie vart oppretta i 2004 for å byggje opp undervisning og forsking i medisinsk og helsefagleg historie ved det dåverande medisinske fakultetet. Gjennom mange år har det vore knytt ulike aktivitetar til medisinsk historie/helsehistorie ved Universitetet i Bergen. Ved Det medisinske fakultet er det i første rekkje dei medisinsk-historiske samlingane i Bergen (MHSB) som omfattar Lepramuseet i St. Jørgen Hospital og Armauer Hansens minnerom i den tidlegare pleiestiftinga for leprasjuke. Vidare kjem Lepraarkiva ved Statsarkivet, Byarkivet og St. Jørgen Hospital, eit arkiv som i 2001 vart votert inn på lista over UNESCO sine arkiv for Memory of the World Programme. Utover dette finst det fleire medisinsk-historiske utstillingar og ei større gjenstandssamling ved Haukeland universitetssjukehus. Vidare er det bygd opp forsking og forskingskompetanse ved Det humanistiske fakultet, ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) og ved Senter for vitskapsteori. Det vil vere naturleg å samarbeide med forskarar ved desse einingane og likeins å søkje tilknyting til forskingsgruppa Helse-, velferd- og vitskapshistorie ved AHKR. Gruppa tek opp eit breitt spekter av problemstillingar slik som førebyggjande helsearbeid, sjukdomshistorie, vitskapshistorie, institusjonshistorie, helsepolitikk, ernæring, rettsmedisin og tilhøvet mellom folkemedisin og skolemedisin.

 

Utover samarbeid med ulike miljø ved Det humanistiske fakultet, ligg det òg godt til rette for samarbeid med tilsette ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, mellom anna om helseøkonomi, om leiing og organisering i helsesektoren, og om helsepolitikk og helsetenesteforsking. Vidare finst det nasjonalt som internasjonalt ei rekkje andre forskingsmiljø det kan vere aktuelt å samarbeide med.

 

Eit fellestrekk ved dei ulike fagretningane i medisin- og helsehistoria er at dei nyttar historisk metode, såleis må den som blir tilsett ha kompetanse innanfor dette feltet. Til ein viss grad vert det òg stilt krav om kjennskap til medisinske og helsefaglege metodar, og til kultur og fagtradisjonar og terminologien i desse faga. Erfaring frå tverrfagleg forsking og samarbeid er derfor ein type kompetanse det vil verte lagt stor vekt på ved tilsetting i stillinga. I vår tid er det likeins ein føremon å trekkje inn det globale og tverrkulturelle perspektivet i undervisning og forsking.

 

Den som vert tilsett skal vidareføre og styrkje medisinsk historie som fag i studentundervisninga og i forskarutdanninga, men òg formidle kunnskap frå desse felta til eit breiare publikum. For yrkesutøvar i helsesektoren er kjennskap til eigen bakgrunn – til profesjonshistoria og til framveksten av faget – grunnleggjande for utviklinga av ein trygg identitet. Historisk kunnskap vil vidare kunne bidra til å skjerpe den kritiske sansen, styrkje dei analytiske evnene og gi større sjølvforståing. Ikkje minst i forhold til pasientane er den danningsmessige kompetansen som ein får gjennom slik kunnskap, viktig.

 

Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid i forsking så vel som i undervisning.

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk. Kurs vert tilbode.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

 

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal til leggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan ein til dømes gjere ved å sende inn:


• prov for gjennomført pedagogisk utdanning
• evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
• oversyn over undervisningsomfang og -nivå
• oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
• mottekne studentprisar
• eigne pedagogiske publikasjonar
• eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
• rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

 

 

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd og ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141144
  • Intern-ID
    17/3348 (IVØI)
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger