Universitetet i Bergen

Fakultetsadministrasjonen

Bli med å skape fremragende forskning

Seniorkonsulent (forskingskonsulent)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei 100 % fast stilling som seniorkonsulent (forskingskonsulent).

 

Til stillinga ligg det oppgåver knytt til arbeid med forskarutdanning, forskingsadministrasjon, informasjon og rådgjeving av institutta og fakultetet sine forskingsmiljø. Den som vert tilsett vil inngå i Seksjon for forskingsadministrasjon som er ein av fem seksjonar i fakultetsadministrasjonen.

 

Seksjon for forskingsadministrasjon har programansvar for forskarutdanninga. Seksjonen ivaretar forskingsrådgjeving, koordineringsoppgåver på tvers av institutta, utgreiingsoppgåver og prosjektstøtte for leiinga, samt spesialist- og sakshandsamingsoppgåver. Arbeid med innovasjon og kommersialisering er også eit nytt satsingsområde ved fakultetet.

 

For meir informasjon om fakultetet vises til: http://www.uib.no/med

 

Arbeidsoppgåver:

  • arbeid knytt til den organiserte forskarutdanning frå opptak til disputas

  • kvalitetssikring, rutineutvikling og rapportering

  • førebuing av saker for utval og fakultetsstyre og følgje opp vedtak

  • oppfølging av Helseforskingslova og Personopplysingslova

  • rådgje institutta i forskings- og forskarutdanningssaker

  • bidra til leiarstøtte, planarbeid, utrednings- og utviklingsoppgåver

     

Stillinga kan verte tillagt andre administrative oppgåver.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonssjef Tone Friis Hordvik på e-post tone.hordvik@uib.no , eller på telefon 97001134/55 58 86 89. 

 

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad eller tilsvarande utdanning tilpassa oppgåvene i stillinga. Tilsvarande kvalifikasjonar kan ein oppnå gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning. Juridisk kompetanse kan vere ei føremon og relevant doktorgradsutdanning kan tilleggas vekt.

  • Erfaring frå forskarutdanningsadministrasjon og anna administrativ erfaring.

  • God generell IT-kompetanse.

  • Ynskjelig med erfaring og kjennskap til fellessystema som UiB nyttar til forskingsadministrativt arbeid (til dømes FS, ePhorte, CRIStin)

  • God skriftleg og munnleg engelsk og norsk. 


Personlege eigenskapar

  • sjølvstendig, effektiv, strukturert og målretta
  • nøyaktig og pliktoppfyllande
  • initiativrik, serviceinnstilt og med god gjennomføringsevne
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • kunne ta ansvar og leiing 

Ved vurdering av søkjarane vil personlege eigenskapar og kvalifikasjonar som er naudsynte for stillinga, verte sterkt vektlagde.

 

Vi kan tilby

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.

  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.

  • Fleksibel arbeidstid og pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

  • Løn etter lønssteg 52-56 (kode 1363), for tida kr 451 300 – 482 500. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: www.uib.no/poa/karriere-ved-uib

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for tekniske og administrative stillingar verte følgde.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga

  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (cv)

  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar

  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)


Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

 

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    26. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    141141
  • Intern-ID
    17/8657
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger