Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Tekst: Klok og forskningslysten?

Forskar i mikrofysikalsk transportmodellering

Ved Geofysisk institut er det ledig ei stilling som forskar i mikrofysikalsk transportmodellering. Stillinga er for ein periode på eitt år og er knytt til prosjektet SNOWPACE «Sources of the Norwegian Winter Season Snow Pack constrained from Stable Water Isotopes», finansert av Norges Forskingsråd.

 

Om prosjektet og arbeidsoppgåver

I prosjektet SNOWPACE treng vi ein forskar med kompetanse innan mikrofysikalsk modellering og fraksjoniering av stabile isotopar i skyer. Målsetjinga for prosjektet er å utforske, med hjelp av observasjon og modellering av stabile isotopar, kor vatnet i Noreg kjem frå og under kva atmosferiske forhold den har fordampa. Forskaren skal implementere og teste ein mikrofysikalsk løysing som er i stand til å berekne fraksjonieringen av stabile isotopar i ein Lagransk transportmodell. Berekningane skal samanliknast med isotopmålingar, mellom anna samla i SNOWPACE.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Erfaring innan mikrofysikalske løysingar for simulasjon av regn og snø i vêrvarslingsmodeller

  • Erfaring innan stabile isotoper og atmosferiske fraksjonieringsprosessar

  • Evne til å handtere ein Lagransk atmosferisk transportmodell

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • Du må kunne kommunisere på engelsk både skriftleg og munnleg

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • Relevante attestar

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknader sendt på epost til enkeltpersonar vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Harald Sodemann, Geofysisk Institutt, Universitet i Bergen, Tel. +4755582749.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140872
  • Intern-ID
    17/7838
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger