Barne-, ungdoms- og familieetaten

KASA ungdomssenter - Bergen

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet. 
Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Kasa Ungdomssenter Bergen skal gi institusjonstilbod til barn/unge i alderen 13-15 (18) år som av ulike grunnar treng eit opphald i institusjon. Opphaldet skal som regel vera kortvarig, men i einskildtilfelle kan òg lengre opphald vera aktuelle. Mange av dei som bur i våre tiltak har alvorleg tilknytningsforstyrring og/eller vore utsett for omsorgsvikt.

KASA skal ha profesjonelle omsorgsrammer for å kunne gi god omsorg og behandling med tanke på endring og utvikling hos barna. KASA legg vekt på ei mentaliseringsbasert tilnærming i miljøarbeideet og har implementert kunnskap om traumebevisst omsorg som fagleg plattfom.

KASA samarbeidar tett med barneverntenestene som er ansvarleg for plasseringa. I mange saker er barnets foreldre aktive og nære samarbeidspartar. I tillegg til dette er det ansvarsgruppe for alle barna og her møtast fleire samarbeidspartar som skule, ot/ppt, bup og evt andre viktige personar i høve til barnet.

Kasa har 5 avdelingar, geografisk spreidde, og med 3 eller 4 plassar på kvar. Kasa samarbeidar med statlege fosterfamiliar for å gi eit heilskapleg tilbod med omsyn til stabilitet og kontinuitet for barnet/ungdommen.

Miljøterapeutar - 4 stillingar - 100 %

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Barne-, ungdoms- og familieetaten
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140811
  • Intern-ID
    Vest 58/17
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Se mer

Finn andre stillinger