Universitetet i Bergen

Institutt for biologi

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Stipendiat i kvantitativ paleoøkologi og økologi

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for biologi, forskingsgruppa Ecological and Environmental Change Research Group, er det ledig ei stilling som stipendiat i kvantitativ paleoøkologi og økologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, knytt til ERC-prosjektet Humans on Planet Earth – Long-term impacts on biosphere dynamics (HOPE).

 

Om prosjektet og arbeidsoppgåvene i stillinga

Eit viktig spørsmål innan geo- og bio-vitskapen er kva for ein innverknad dei forhistoriske menneska hadde på biosfæren og klimaet. Det finnes mykje kunnskap om korleis mennesket har påverka biosfæren gjennom landbruk, skogrydding, erosjon og endringar i vann og næringsstoffer. Menneskeleg aktivitet har i stor grad forandra jorda dei siste 8000-11 000 åra, men har menneskar forandra dei store økologiske prosessane, som fører til samfunnsdanning og dynamikk, til dømes interaksjonar mellom artar og mellom artar og miljø? For å svare på dette spørsmålet vil vi systematisk undersøke mønstre i pollenstratigrafiske data frå dei siste 11 500 årene frå over 2000 steder over heile verda. Vi vil bruke numeriske teknikkar med sikte på å finne fram til mogelege endringar i 25 økosystemeigenskaper (rikdom, likskap, mangfald, dynamikk, samførekomstar av artar, etc.). Vi vil samanlikne mønstre i disse eigenskapane på steder innanfor biomer, mellom biomer, innanfor kontinent og mellom kontinent for å teste hypotesen om forhistorisk menneskeleg aktivitet har forandra dei grunnleggjande prosessane i etablering og oppretthalding av økologiske samfunn og om samanhengane mellom prosessane gjennom tida har endra seg.

 

Stipendiaten vil først og fremst vere ansvarleg for å utvikle kvantitative prosedyrar for evaluering av samførekomstar og korrelasjonar mellom taxon frå pollenstratigrafiske data uttrykt som "lukka" prosentar. Som en del av HOPE-prosjektet, skal disse prosedyrane brukast på pollendata frå heile verda og til å evaluere analysar av samførekomstar av taxon innanfor paleoøkologi.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan kvantitativ paleoøkologi, biogeografi, økologi eller relaterte fagområder som er relevante for doktorgrads-prosjektet. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen innan 15. september 2017. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Du må ha erfaring med kvantitative analyser av paleoøkologiske eller økologiske data ved hjelp av statistikkprogrammet R, samt ha dokumenterte ferdigheiter i eit eller fleire forskingsområder som er relevante for stillinga, og noe erfaring med bruk av store databaser.

  • Det vil vere ein føremon å ha bakgrunn i eitt eller fleire av følgjande forskingsområder: kvartær paleoøkologi, palaeoklimatologi, anvendt statistikk, numerisk økologi, kvantitativ paleoøkologi, biogeografi, makroøkologi, samfunnsøkologi, biologisk mangfald.

  • Du må vere godt motivert, trives med å arbeide med svært store datasett, og kunne forstå dataa si relevans og resultata av de statistiske analysane.

  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert, ha gode samarbeidsevner og vilje og evne til å følgje opp utfordrande problemstillingar.

  • Evne til pro-aktiv problemløysing vil bli vektlagt

  • Du må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. post til enkeltpersonar, vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor John Birks, Institutt for biologi (+47 5558 3350 eller +47 5593 7717 / e-post: john.birks@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140762
  • Intern-ID
    17/9028
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger