Universitetet i Bergen

Institutt for biologi

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Postdoktor i kvantitativ paleoøkologi og økologi

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for biologi, forskingsgruppa Ecological and Environmental Change Research Group, er det ledig ei stilling som postdoktor i kvantitativ paleoøkologi og økologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, knytt til ERC-prosjektet Humans on Planet Earth – Long-term impacts on biosphere dynamics HOPE.

Om prosjektet og arbeidsoppgåvene i stillinga

Eit viktig spørsmål innan geo- og bio-vitskapen er kva for ein innverknad dei forhistoriske menneska hadde på biosfæren og klimaet. Det finnes mykje kunnskap om korleis mennesket har påverka biosfæren gjennom landbruk, skogrydding, erosjon og endringar i vatnet og næringsstoffa sine kretsløp. Menneskeleg aktivitet har i stor grad forandra jorda dei siste 8000-11 000 åra, men har menneskar forandra dei store økologiske prosessane, som fører til samfunnsdanning og dynamikk, til dømes interaksjonar mellom artar og mellom artar og miljø? For å svare på dette spørsmålet vil vi systematisk undersøke mønstre i pollenstratigrafiske data frå dei siste 11 500 årene frå over 2000 steder over heile verda. Vi vil bruke numeriske teknikkar med sikte på å finne fram til mogelege endringar i 25 økosystemeigenskaper (rikdom, likskap, mangfald, dynamikk, samførekomstar av artar, etc.). Vi vil samanlikne mønstre i disse eigenskapane på steder innanfor biomer, mellom biomer, innanfor kontinent og mellom kontinent for å teste hypotesen om forhistorisk menneskeleg aktivitet har forandra dei grunnleggjande prosessane i etablering og oppretthalding av økologiske samfunn og om samanhengane mellom prosessane gjennom tida har endra seg.

 

Postdoktoren vil få ansvar for å utvikle ein HOPE-database for pollenstratigrafiske data og tilhøyrande kronologiske data på miljø og stadsinformasjon innanfor ramma av state-of-the-art paleoinformatikk for numeriske og statistiske analysar av mange store pollenstratigrafiske datasett. Han eller ho vil og få ansvar for å utvikle tilpassa programvare spesielt for paleoøkologiske analysar og mangfaldsanalysar. Postdoktoren vil spele ei viktig rolle med omsyn til publisering av resultat frå HOPE-prosjektet.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i kvantitativ paleoøkologi, økologi, biogeografi eller anna relevant felt, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Du må ha erfaring med kvantitative analyser av paleoøkologiske eller økologiske data ved hjelp av statistikkprogrammet R, samt ha dokumenterte ferdigheter i eit eller fleire forskingsområder som er relevante for stillinga, og noe erfaring med bruk av store databaser.

  • Det vil vere ein føremon å ha bakgrunn i eitt eller fleire av følgjande forskingsområder: kvartær paleoøkologi, paleoklimatologi, anvendt statistikk, numerisk økologi, kvantitativ paleoøkologi, biogeografi, makroøkologi, samfunnsøkologi, biologisk mangfald.

  • Du må vere godt motivert, trives med å arbeide med svært store datasett, og kunne forstå dataa si relevans og resultata av dei statistiske analysane.

  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert, ha gode samarbeidsevner og vilje og evne til å følgje opp utfordrande problemstillingar.

  • Evne til pro-aktiv problemløysing vil bli vektlagt

  • Du må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er tre år. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til tre år og tre månader, der dei tre ekstra månadene vert finansiert av instituttet. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med prosjektleiar utarbeide ein plan for kvalifiserings-arbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 57 kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • Relevante sertifikat/referansar.

  • Liste over alle vitskapelige verk (publikasjonsliste), inkludert DOI.

  • Eventuelle publikasjonar som ikkje kan nås frå ein DOI. 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknader sendt pr. post til enkeltpersonar, vil ikkje verte vurderte.


Generell informasjon 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor John Birks, Institutt for biologi (+47 5558 3350 eller +47 5593 7717 / e-post: john.birks@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140760
  • Intern-ID
    17/9026
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger