Universitetet i Bergen

Institutt for biologi

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

Avdelingsingeniør

Ved Institutt for biologi (BIO) er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør. Stillinga er knytt til Fiskehelsestudiet (gruppene: Fish Diseases Research Group, Sea Lice Research Centre, Fish Immunology).

 

Meir informasjon om Fiskehelsestudiet finner du her.

 

Den som vert tilsett skal ha ansvar for prosessering av vev for innleiring i plast, produksjon av plastsnitt for semi- og ultrastrukturelle studiar og farging av plastsnitt for masterstudentar og stipendiatar. Vidare skal stillinga assistere det vitskaplege personalet i prosessering av vev i plast for semi- og ultrastrukturelle studiar av virus, bakteriar og parasitter knytt til ulike forskingsprosjekter.

 

Avdelingsingeniøren må vere budd på å gå inn i ei vaktordning for teknikarane som er knytte til Levandelaboratoriet. Noko arbeid etter normal arbeidstid, i helger og på heilagdagar må ein rekna med. 


Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Prøvetaking og opparbeiding av ferskt og konservert biologisk materiale

  • Prosessering av vev for innleiring i plastmedia

  • Produksjon av plastsnitt for semi – og ultrastrukturelle studiar (transmisjon elektronmikroskopi, TEM)

  • Farging av snitt (semi- og ultra)

  • Prosessering for scanning elektronmikroskopi (SEM)

  • Opplæring av masterstudentar, Phd-studentar og andre i aktuelle metodar, laboratoriearbeid og HMS

  • ansvar for relevant utstyr, materiell, kjemikaliar og service

 Kvalifikasjonar:

  • Søkjarar må ha relevant utdanning på mastergradsnivå innan biologi/fiskehelse

  • Gode kunnskapar om metodar for prosessering av vev for histologiske og ultrastrukturelle studiar er eit krav

  • Søkjarar må ha erfaring med bruk og vedlikehald av relevant laboratorieutstyr

  • Kunnskap om fisk og relevante sjukdomsagens hos fisk er naudsynt

  • Generell IT-kompetanse

  • Førarkort klasse B

  • Søkjarane må ikkje være allergisk mot dyr eller kjemikaliar

  • Kurs i forsøksdyrlære er ein føremon. Søkjarar som ikkje har dette kurset må være villig til å ta det.

  • Gode kunnskapar i skriftlig og munnleg engelsk. 

Personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må ha biologisk forståing, evne og vilje til å løyse tekniske/metodiske utfordringar, handtere utfordringar raskt, og effektivt kunne løyse komplekse problemstillingar og tilpasse seg nye arbeidsoppgåver

  • Evne til å arbeide sjølvstendig

  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 

Vi kan tilby:

  • Spanande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent og tverrfaglig miljø med stor kompetanse innan fiskehelse og marin forsking

  • Arbeid i moderne og avanserte laboratorium med spanande og variert forsking

  • Tilknytting til ei god fagleg og sosialt velfungerande forskingsgruppe

  • moglegheit til fagleg og personleg utvikling, og utstrakt kontakt med andre fagmiljø.

  • Løn som avdelingsingeniør etter lønstrinn 47 – 52 (kode 1085/LR 22) i det statlege lønsregulativet, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar 

Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Frank Nilsen, Institutt for biologi/SLRC, e-post: Frank.Nilsen@uib.no, telefon +47 55584412.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    13. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140612
  • Intern-ID
    17/8659
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger