Universitetet i Bergen

Institutt for biologi

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

Førsteamanuensis i fiskeribiologi

Ved Institutt for Biologi er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis innan fagfeltet fiskeribiologi, knytt til faggruppa Fiskeri- og marinbiologi (FMB).


BIO er med sine meir enn 200 tilsette og nesten 600 studentar blant dei største institutta ved Universitetet i Bergen. Instituttet er sterkt involvert i tema som livet sitt opphav, klima, effektar av globale endringar, fiskeri, havbruk, fiskehelse, ernæring, nordområda og utviklingsrelatert forsking. Om lag 2/3 av den vitskaplege staben arbeider med marine problemstillingar.


Gjennom samlokalisering og felles forskingsgrupper er forskinga ved BIO tett integrert med biologisk forsking ved Universitetsmuseet i Bergen og med nokre av dei tematiske avdelingane i Uni Research A/S. BIO held til i nye og moderne fasilitetar på Marineholmen.


Instituttet si undervisning dekkjer eit breitt spekter av biologiske disipliner og vert tilbydd gjennom tre bachelorprogram, åtte masterprogram og to integrerte femårige studieprogram forutan doktorgradsutdanning.


BIO har eit Senter for framifrå undervising (SFU) og dermed eit særskilt fokus på utvikling av kvalitet i undervising og formidling. Det vert lagt vekt på utvikling av innovative undervisnings- og formidlingsaktivitetar i stillinga.


Bergen representerer ei av verdas største forskingsklynger for marin forsking og dette vert spegla av i visjonen for UiB som er «Hav, liv og samfunn». UiB vart nyleg kåra som det nest beste blant verdas universiteter innan fagfeltet ‘fiskeri‘ og BIO har som mål å framleis være ein leiande forskingsaktør innan marin ressursforsking nasjonalt og internasjonalt.


Arbeidsoppgåver / Forskingsområde
Føremålet med fagområdet fiskeribiologi ved BIO er å auke forståinga av mekanismar innan og mellom fiskepopulasjonar relatert til miljø, økosystem og utnytting, for å fremme berekraftig forvaltning av akvatiske ressursar. FMB faggruppa driver forsking og undervisning frå organismenivå til populasjons- og økosystemnivå innanfor teoretiske, eksperimentelle og feltrelaterte problemstillingar.


BIO har et nært samarbeid med Havforskningsinstituttet (HI) både når det gjeld forskingsoppgåver og rettleiing av masterstudentar og doktorgradsstudentar. Samarbeid med HI sitt fiskeriforskingsprogram i utviklingsland er også ein viktig aktivitet ved BIO. Vi tilbyr eit spanande og utoverretta undervisnings- og forskingsmiljø med eit breitt arbeidsfelt, og gode moglegheiter for å bidra aktivt i nasjonale og internasjonale fagmiljøa.


Stillinga vil være innan fagområdet fiskeribiologi og spesifikt retta mot bestandsvurdering og økosystembasert forvaltning. Teoretisk og praktisk kompetanse i det vitskaplege grunnlag for moderne fiskeriforvaltning, som til dømes. kartlegging og estimering av bestander, samt økologiske interaksjonar mellom populasjonar, er viktige element i bærekraftig forvaltning av våre akvatiske ressursar og økosystem.


Arbeidet vil inkludere forsking og undervisning i fagområdet fiskeribiologi samt planlegging av masteroppgåver og rettleiing av studentar på både master- og doktorgradsnivå. Pedagogiske kvalifikasjonar og tidlegare undervisningserfaring vil bli vektlagt og søkjarar skal gjere greie for planer og idear knytt til undervisning innan fagfeltet.


Søkere bør videre ha erfaring med innhenting av eksternfinansierte forskningsmidler, og ha en høy motivasjon for slik aktivitet.


Forsking: kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi søker en person med utpreget samarbeidsevne og lagånd og som har ambisjoner om å innta en ledende posisjon innen fagområdet på instituttet. Det vert stilt krav om praktisk vitskapleg erfaring og publisering frå hausting av levande akvatiske ressursar, helst innan disiplinane fiskepopulasjonar sin biologi, samfunn og utnytting.

  • Søkjarar må ha doktorgrad i biologi eller tilsvarande kompetanse
  • Søkjarar må ha kunnskap i fiskeribiologi

  • Erfaring med bruk av moderne teknologi til bestandsovervaking samt feltstudiar av økologi hos fisk og kunnskap om populasjonsbiologi er eit krav

  • Søkjarar må ha tokterfaring og dokumentert førstehands kjennskap og erfaring med praktiske, eksperimentelle og analytiske metodar innan fagområdet

  • Relevante publikasjonar i internasjonale tidsskrift med fagfellevurdering

  • Evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

 Det vil også være ein føremon med:

  • Erfaring frå survey- og eksperimentell design

  • Erfaring fra deltakelse eller ledelse av tokt med havgående forskningsskip, samt nasjonalt eller internasjonalt fiskeriforvaltningsarbeid.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Undervisning: kvalifikasjonar og eigenskapar
Pedagogiske kvalifikasjonar og tidlegare undervisningserfaring vil bli vektlagt og søkjarar skal gjere greie for planar og idear knytt til undervisning innan fagfeltet.

 

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn 

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising

  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå

  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

  • mottekne undervisningsprisar

  • eigne pedagogiske publikasjonar

  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø 

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men den som vert tilsett må også kunne undervise på engelsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.


Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

 

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.


Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/LR 24. 8) i lønnsregulativet til staten ved tilsetning. Dette utgjør en årslønn på kr 553 200 – 650 200. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15. september kvart år.


Søknaden skal innehalde:

  • CV

  • Vitnemål og attestar

  • fullstendig publikasjonsliste

  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider) og kva mål søkjaren har for denne

  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs samt forslag til plan for undervisning 

  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

  • liste over vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte

  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

 

Kontaktopplysningar
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar professor Ørjan Totland (orjan.totland@uib.no, tlf. +47 47758058) eller professor Arild Folkvord (arild.folkvord@uib.no) tlf. +47 55584456/+47 41300147)

 

Generelle opplysningar
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140598
  • Intern-ID
    17/8320
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger