Universitetet i Bergen

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

4 opne stipendiatstillingar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig 4 stipendiatstillingar med planlagd tilsetjing frå 01.01.2018.

Instituttet har pr i dag 45 faste vitskaplege stillingar, omlag 30 stipendiater og forskarar, og 12 administrativt tilsette.

Ein kan søkje innan følgjande fagområde:

  • arkeologi

  • historie

  • kulturvitskap

  • religionsvitskap

    Sjå instituttet sine heimesiderwww.uib.no/ahkr for oversikt over fagområda.

    Prosjektet må høyre inn under eitt av dei fire faga og vil verte vurdert i lys av forskingskompetansen ved instituttet. Søkjarar må ha etablert kontakt med ein rettleiar som er tilsett ved instituttet, og søknaden må innehalde ei stadfesting frå denne rettleiaren. Kontakt forskingskoordinatoren ved instituttet ved spørsmål.

    Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje.

    Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen er ute. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Instituttet vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.

  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR 20, alternativ 8) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr 432.700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse.

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

  • gode velferdsordningar.

Om stipendiatstillingar

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing. Om ein tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan tilsetjingsperioden bli korta ned. Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til forskingskoordinator Leidulf Melve, tlf. 55 58 30 41, e-post: leidulf.melve@uib.no eller forskarutdanningskonsulent Trygve Svarstad, tlf. 55 58 94 29, e-post:trygve.svarstad@uib.no.

Om forskarutdanninga

Stipendiatane skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjarar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Andre opplysningar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillingane.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Dei best kvalifiserte søkjarane vert kalla inn til intervju.

Slik søkjer du

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. I tillegg må dette følgje søknaden:

  1. Prosjektomtale (inntil 5 sider, ikkje medrekna litteraturliste)

  2. Framdriftsplan for prosjektet

  3. Eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider). Dersom du ikkje har norsk mastergrad, kan du bli beden om sende inn heile masteroppgåva.

  4. Vitnemål frå universitet/høgskule (skanna versjon) som viser at du har relevant utdanning

  5. Liste over eventuelle vitskaplege produksjonar

  6. Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  7. Stadfesting frå hovudrettleiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsette vitnemål må vere fakultetet i hende innan søknadsfristen.

I tillegg gjeld følgjande krav: http://www.uib.no/hf/21760/veiledning-s%C3%B8kere-til-stipendiatstillinger.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet:fakadm@hf.uib.no.

Søknadsfrist: 01.09.2017

Merk søknaden: 17/8105

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140563
  • Intern-ID
    17/8105
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger