Statens sivilrettsforvaltning har ei brei oppgåveportefølje og forvaltar statlege ordningar på tvers av sivil- og strafferetten. Ordningane skal sikre individet sine rettar, rettslikheit og medverke til god rettspleie. Arbeidsoppgåvene våre er i stor grad knytta til behandling av enkeltsaker innanfor mellom anna områda verjemål, rettshjelp, erstatning etter strafforfølging og valdsoffererstatning. Statens sivilrettsforvaltning er også sentral verjemålsmyndigheit, og vi har etatsstyringsansvaret for Kontoret for valdsoffererstatning. Vi har sekretariatsfunksjonen for mellom anna Den rettsmedisinske kommisjon, Barnesakkunnig kommisjon, Erstatningsnemnda for valdsoffer, Stortinget sitt utval for rettferdsvederlag, Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll og Konkursrådet. Statens sivilrettsforvaltning forvaltar også garantiordninga for bubehandling ved mistanke om økonomisk kriminalitet i tillegg til tilskotsordninga for spesielle rettshjelpstiltak.

Vi har for tida om lag 70 medarbeidarar og held til i sentrale lokale i Oslo og på Hamar. Sjå www.sivilrett.no for meir informasjon.

Seniorrådgivar/rådgivar HR

Det er ledig fast stilling som seniorrådgivar/rådgivar HR i Administrasjonsavdelinga. Arbeidsstad er Oslo.

 

Statens sivilrettsforvaltning er ein organisasjon i vekst og utvikling, og vi ser etter ein løysingsorientert og engasjert person som skal drive og vidareutvikle arbeidet vårt innanfor personal, HR og organisasjon. Den som blir tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig og kunne handtere mange ulike og varierte drifts- og utviklingsoppgåver. Du må vere fleksibel og ha god arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. Vi søkjer etter ein medarbeidar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar og som har evne til å skape gode relasjonar på tvers av organisasjonen. Stillinga inneber tett samarbeid med leiinga og tilsette i både avdelinga og organisasjonen elles. Statens sivilrettsforvaltning er fullservicekunde hos Direktoratet for økonomistyring (DFØ), som leverer lønns- og rekneskapstenester til oss.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Rådgiving og rettleiing overfor leiarar og tilsette innanfor personal- og HR-området
  • Saksbehandling og rådgiving knytt til bemanningsplanlegging, forhandlingar, rekrutteringsprosessar
  • Ulike driftsoppgåver knytt til lønn, oppfølging av sjukefråvere og refusjonssaker mot NAV, handtering av lønnsfaglege spørsmål mv.
  • Revidering, ajourhald og oppfølging av rutinar og retningslinjer innanfor personalområdet
  • Ansvarleg fagbrukar av SAP HR mellom anna med vedlikehald av personal-, organisasjons- og lønnsdata i tillegg til brukarstøtte/opplæring av tilsette
  • Oppfølging av personvernregelverket internt mellom anna internkontroll og vidareutvikling og oppfølging av interne retningslinjer
  • HMS- og IA-arbeid
  • Ulike drifts-, utviklings- og forvaltningsoppgåver relatert til personal og organisasjon
  • Også andre stabs- og støttefunksjonar kan vere aktuelle


Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på universitets- og høgskolenivå, helst med personal/HR i fagkrinsen
  • God og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Relevant erfaring frå personalforvaltning og HMS-arbeid, helst frå statleg sektor
  • Gode kunnskapar om relevant lov-, tariff- og avtaleverk, helst frå statleg sektor
  • God erfaring som fagbrukar av lønns- og personalsystem, særleg SAP HR, er en fordel
  • Gode IT-kunnskapar og bruk av fagsystem er ønskeleg
  • Kjennskap til personvernregelverket er ein fordel
  • God norsk munnleg og skriftleg fremstillingsevne
  • Løysings- og resultatorientert, initiativrik og med god gjennomføringsevne
  • Fleksibel, sjølvstendig, lojal, nøyaktig og gode samarbeidsevner

Det vil bli lagt særleg vekt på personlege eigenskapar.


Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i utvikling
  • Godt tverrfagleg og sosialt miljø med høgt tempo
  • Fleksitidsordning
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • Fast stilling som seniorrådgivar/rådgivar (stillingskode 1364/1434) innanfor lønnsspennet kr 474.700-623.900 per år avhengig av kompetanse og kvalifikasjonar.

Staten legg vekt på mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søkje. Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Menn og personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje på stillinga. Statens sivilrettsforvaltning er ei IA-verksemd, som mellom anna inneber at vi vil leggje tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Ved tilsetting gjeld 6 månader prøvetid.

 

Det blir trekt 2 % av bruttoløn som innskot til Statens pensjonskasse.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • avdelingsdirektør Trond Bigseth, telefon 22 99 13 03/952 79399
  • eventuelt fagdirektør Ann Kristin Netland, telefon 22 99 13 61


 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    14. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Statens sivilrettsforvaltning
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    140514
  • Intern-ID
    2017/1905
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger