Universitetet i Bergen

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Stipendiatstillingar i historie og religionsvitskap

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig to stipendiatstillingar:

  • 1 stilling innafor historie fagdidaktikk

  • 1 stilling innafor religionsvitskap fagdidaktikk

Stillingane er knytte til det NFR-finansierte prosjektet “Skolen som mulighetsarena (SSM): Demokratiforståelse og forebygging av gruppebaserte fordommer” og det er ønskjeleg med tilsetjing frå 1. januar 2018 for begge.

Dei som blir tilsett skal arbeide med eit ph.d.-prosjekt som omhandlar ulike gruppebaserte fordommar i skulen. Ord som homo, hore, jøde og muslim blir stadig oftare nytta som skjellsord, og elevar i skulen opplever at dei vert stigmatiserte som gruppe, anten stigmaet er knytt til etnisitet, farge, religion/livssyn eller seksuell orientering og kjønnsidentitet.


Eit viktig mål for prosjekta vil vere å:

  • undersøke korleis gruppebaserte fordommar oppstår, blir konstruert, vedlikehaldne og forhandla, både i klasserommet og i skulen elles

  • få fram ny kunnskap om korleis skulen kan bidra til å nyansere, problematisere og bryte opp i fastlåste stereotypiar og etablerte fiendebilete

Prosjektet har i tillegg fokus på lærarstudentar og læraren sitt medvit om eigne haldningar, og kompetansen deira til å handtere kontroversielle tema i undervisninga knytt til gruppebaserte fordommar. Både klasseromstudiar og historiske perspektiv vil gje viktige bidrag til korleis vi i dag nærmar oss tema som undertrykking, diskriminering og antisemittisme, så vel som toleranse, fredeleg sameksistens og mindre vektlegging av ulikskap. For å utvikle demokratiforståing og for å førebyggje gruppebaserte fordommar, skal prosjekta gi ny kunnskap om felles mekanismar som ligg bak ulike gruppebaserte fordommar i skulen i dag, og korleis dette har blitt handtert tidlegare. Prosjektet er knytt til Regjeringas handlingsplan mot antisemittisme 2016–2020.


For meir informasjon om «Skolen som mulighetsarena» kan søkjarar ta kontakt med prosjektleiar Marie von der Lippe, marie.lippe@uib.no.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarane må

  • ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan eit relevant fagområde. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen er ute. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Instituttet vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

     

  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

 

  • meistre engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk) skriftleg og munnleg

  • ha kjennskap til det norske skuleverket

 

Om stipendiatstillingane:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.

Samla stipendperiode er 3 år. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillingane.


Tilsetjing i stipendiatstillingane krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillingane.


Om forskarutdanninga:

Stipendiatane skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjarar fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.


  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR 20, alt.8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 432 700 brutto.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillingane

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Dette må vere inkludert i søknaden:

 

  • Eit søknadsbrev som inneheld ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.

  • CV

  • Prosjektomtale (inntil 5 sider, ikkje medrekna litteraturliste) som skisserer eit forskingsprosjekt innanfor rammene av «Skolen som mulighetsarena».

  • Framdriftsplan for prosjektet.

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).

  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad (skanna originalar eller bekrefta kopiar).

  • Relevante attestar.

  • Eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider)

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Marie von der Lippe, telefon: 55 58 24 45 / 95 79 66 45 , e-post: marie.lippe@uib.no, eller instituttleiar, professor Jan Heiret, telefon 55 58 97 62, e-post jan.heiret@uib.no.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillingane.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


I tillegg gjeld følgjande krav:

http://www.uib.no/hf/21760/veiledning-s%c3%b8kere-til-stipendiatstillinger


Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.


Dei best kvalifiserte søkjarane blir kalla inn til intervju.


Søknadsfrist: 01.09.2017

Merk søknaden: 17/7648

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140497
  • Intern-ID
    17/7648
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger