Universitetet i Bergen

Institutt for biologi

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Forskar i fysiologi hos Atlantisk laks

Ved Instituttforbiologi (BIO) (www.uib.no/bio) er det ledig ei midlertidig stilling som forskar innan fysiologi  for 2 år med mogelegheit for forlenging til inntil 3 år og 5 månadar. Stillinga inngår i forskargruppa Marin utviklingsbiologi. Stillinga er knytt til undersøkingar omkring næringsfølsomme reseptorar (nutrientsensing), fordøying, appetitt og vekst hos laks.

Prosjekt/arbeidsoppgåver
Arbeidet tar sikte på å undersøkje korleis aminosyrer og feitt regulerar fordøying, fôrinntak og metabolisme i Atlantisk laks. Hovudformålet er å beskriva korleis næringsemne og fôringrediensar aktiverer næringsfølsomme reseptorar i mage-tarmkanalen og utløyser signalvegar i tarm-hjerneaksen relatert til fordøying, appetitt og vekst.

Kandidaten vil karakterisera kjemiske reseptorar (G-proteinkopla reseptorfamilie) i mage-tarmkanalen og studera frisetjing av peptidhormon frå tarmen og korleis desse aktiverar signalvegar mellom tarm og-hjerne hos laks. Kandidaten vil undersøkja korleis, og i kor stor grad, ulike aminosyrer, peptid og protein påverkar endokrin appetittkontroll (orexigeniske og anorexigeniske neuropeptid) og fôrinntak under normale og allostatiske miljøforhold og kartleggja signalvegane som er involverte i desse prosessane. I tillegg vil kandidaten utføra ei grunnleggjande karakterisering av feittsyre-sensorar i mage-tarmkanalen og også undersøke korleis desse er knytta til signalvegar involverte i kontroll av appetitt og vekst, tarmhelse og ytelse hos laks. Kandidaten skal også utføra analysar som testar respons på ulike restråvarer.

Kandidaten vil bruka ei rekkje molekylære og cellulære metodar, inkludert kloning, qPCR, celletransfeksjonar og reseptoraktivering, så vel som RNA-seq-analyse. Kandidaten vil også kunne bruka histologiske teknikkar som in situ hybridisering eller immunohistologi.

 

Kvalifikasjonar:

  • Søkaren må ha fullført doktorgrad i fysiologi, endokrinologi, molekylærbiologi, ernæring eller anna relevant felt før sluttdato for søknadsfrista.
  • Kandidaten skal ha dokumentert røynsle som er direkte eller nært knytta til dei viktigaste arbeidsområde som er gjort greie for.

  • Kandidaten må ha arbeidsrøynsle med molekylære og cellebiologiske metodar og teknikkar (til døme kloning, qPCR, ISH, cellekultur).

  • Røynsle med RNA-seq-analyse er ei føremon.

  • Røynsle med eksperimentelt arbeid på fisk, helst Atlantisk laks, er ei føremon.

  • Søker må ha god arbeidsevne og entusiasme for forsking og kunna jobba sjølvstendig og i nært samarbeid med andre på ein strukturert måte.

  • Søkaren må kunna både skriftlig og munnleg engelsk.

 Spesielle krav til stillinga:

  • Kandidaten må kunna jobba i ei internasjonal forskargruppe med partnarar i USA, Japan og i nær kontakt med næringa. Prosjektet kan inkludere eit kort forsking / opplæringsopphald i USA og/eller Japan.
  • På grunn av tidspress i prosjektet må kandidaten kunne starte i stillingen tidlig på høsten (sept)

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1109) I lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tjenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (I/A-verkesemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje denne stillinga, med vekt på korleis tidlegare erfaring kan bidra til ei vellukka utvikling av arbeidet (maks 1.5 sider)
  • namn og kontaktopplysningar til 3 referansar (ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga)
  • CV
  • Vitnemål og karakterutskrifter
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attestert omsetjing til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Søknader sende på e-post til einskildpersonar vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon
utfyllande opplysningar om stilling kan ein få ved å vende seg til: Professor Ivar Rønnestad, e-post: ivar.ronnestad@uib.no .

Den statleder arbeidsstyken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamasetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universiteter i Bergen nyttar mairinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan vert gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    6. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140493
  • Intern-ID
    17/8578
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger