Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

UNIVERSITETSLEKTOR I NORSK SOM ANDRESPRÅK (NORSKKURSA) – fast stilling

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei fast 100 % stilling som universitetslektor i norsk som andrespråk frå 1.1.2018. Universitetslektoren skal undervise utanlandske studentar og tilsette ved UiB i munnleg og skriftleg norsk.

 

Norskkursa ved LLE har for tida 12 fast tilsette universitetslektorar og har eit nært samarbeid med dei som arbeider i vitskaplege stillingar med norsk som andrespråk som ordinært studietilbod. Det blir gitt undervisning på ulike nivå, frå nybegynnarkurs til kurs med meir fokus på akademisk skriving. Norskkursa gir også ei innføring i norsk kultur og samfunnsliv. I tillegg til undervisning kjem eksamensarbeid (sensurering, utarbeiding av eksamensoppgåver og plasseringsprøver) og anna undervisningsrelatert arbeid. Ved Norskkursa arbeider ein også med å utvikle ulike nettbaserte læringstilbod.

 

Stillingsomtale

I stillinga ligg det 75 % undervisning og undervisningsrelatert arbeid, 15 % forsking og utviklingsarbeid og 10 % administrasjon. Delar av undervisninga kan bli lagt til sein ettermiddag eller kveld. Det kan òg bli aktuelt med undervisning i delar av sommaren. Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fagkoordinator Else Berit Molde, Norskkursa ved LLE, tlf.: 55 58 88 29 eller e-post: else.molde@uib.no.

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett som universitetslektor, må ha mastergrad eller cand.philol.-grad med hovudfag i nordisk språk og litteratur, hovudfag/master i norsk som andrespråk, eller tilsvarande mastergrad/hovudfag. Det er ein fordel om ein har norsk som andrespråk i fagkrinsen eller har god kjennskap til fagfeltet.

 

Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må kunne dokumentere kompetanse i bokmål og nynorsk. Søkjarar må ha morsmålskompetanse eller tilnærma morsmålskompetanse i norsk, noko som i tillegg til innsendt dokumentasjon kan bli vurdert under prøveførelesing og intervju.

Då dette først og fremst er ei undervisningsstilling, blir det lagt stor vekt på erfaring frå undervisning i norsk som andrespråk/framandspråk, særleg på universitets- og høgskulenivå. Andre relevante kvalifikasjonar er pedagogisk utviklingsarbeid, erfaring frå nettbasert undervisning/fleksibel læring og vitskapleg arbeid i fagfeltet norsk som andrespråk.

 

Ein vil ved tilsetjing leggje vekt på at søkjarane er skikka til å drive undervisningsarbeid.

 

Aktuelle kandidatar må rekne med å bli kalla inn til prøveførelesing og intervju.

 

Det blir stilt krav om pedagogisk basisutdanning i stillinga. Søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan to år etter dato for tilsetjing.

 

Vi kan tilby

  • Løn etter lønssteg 47–59 (kode 1009/LR 25) etter tenesteansiennitet. Søkjarar med doktorgrad kan be om vurdering for tilsetjing som førstelektor eller førsteamanuensis (lønssteg 57–65). Slik tilsetjing er eit personleg opprykk, og vil ikkje få konsekvensar for arbeidsoppgåvene som er lagt til stillinga.

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Andre opplysningar

Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den statlege arbeidsstokken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Slik søkjer du stillinga

Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida ”Søk stillinga”.

 

Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sine undervisnings- og forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, og dessutan namn og kontaktinformasjon for to referansepersonar.

 

Søknaden må innehalde oversyn over vedlegg som dokumenterer søkjaren sine pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

I tillegg skal søkjarane sende via ordinær post, sortert i 3 bunkar (Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, postboks 7805, 5020 Bergen):

  • CV
  • Fullstendig liste over vitskapleg arbeid og/eller pedagogisk utviklingsarbeid
  • Inntil 5 publikasjonar eller upubliserte manuskript (inkl. doktorgradsavhandling)
  • Kopi av vitnemål og attestar

Søkjarar må i lista over vitskaplege arbeid merkje dei arbeida eller deler av arbeida som det skal leggjast særleg vekt på ved vurderinga.

 

Søknaden skal merkjast: 17/8722

Søknadsfrist: 13.08.2017

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    13. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140465
  • Intern-ID
    17/8722
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger