Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Forskar i romfysikk ved Birkeland Centre for Space Science (BCSS)

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som forskar i romfysikk innan energetisk partikkelnedbør i atmosfæren. Hovudfokuset til stillinga er langtids satellitt- og bakkemålingar. Stillinga er for ein periode på 1 år og knytt til Birkeland Centre for Space Science (BCSS).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

BCSS er organisert i to instrumentgrupper, ei formidlingsgruppe og fire forskingsgrupper, som skal svare på spørsmåla:

1) When and why is the aurora in the two hemispheres asymmetric?

2) How do we get beyond the static large-scale picture of the ionosphere?

3) What are the effects of particle precipitation on the atmospheric system?

4) What is the role of energetic particles from thunderstorms in geospace?

Forskaren vil vera ein del av forskingsgruppa som fokuserer på spørsmål 3. Eit hovudfokus for denne gruppa er å forstå kjemiske og dynamiske effektar i den nøytrale atmosfæra forårsaka av energirik partikkelnedbør. Energirike elektron og proton, fanga i jordas magnetfelt, kan kollidera med gassane i atmosfæren og nå så djupt ned som 50 km over bakken. Kollisjonane innleiar ei rekkje kjemiske reaksjonar som aukar produksjonen av NOx og HOx gassar. Desse gassane kan i sin tur bryta ned ozon som er viktig for energibudsjettet i atmosfæren. Dersom ein endrar mengda ozon ved om lag 50 km, kan ein forandra temperatur og vindar i dette området. Desse vindane har koplingar til versystemet vårt. Det er såleis avgjerande å vita kor mykje og ved kva høgd partiklane avset energien sin for å forstå kva rolle dei spelar i atmosfæren. NOAA/POES og EUMESAT/MetOP satellittane utgjer totalt 14 satellittar med partikkeldektorarar som tilsaman dekkjer ~40 år og kan i så måte vera ideell for å forstå variasjonen i partikkelnedbør over tid. Ved å nytta nyleg utvikla kallibrerings metodar skal forskaren utvikla eit kontinuerleg datasett av energirike elektronfluksar for meir enn tre solsyklusar, samt analysera dei aktuelle trendene.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar

  • må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor romfysikk eller eit relatert fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • må ha gode ferdigheiter innan programmering
  • må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg flytande

For denne stillinga søkjer vi spesielt etter kandidatar som oppfyller eitt eller fleire av følgjande punkt:

  • god kunnskap og erfaring med fysikken bak partikkelnedbør i atmosfæren
  • god kunnskap og erfaring med effektar av partikkelnedbør i atmosfæren
  • kunnskap og erfaring med dataanalse av partikkelmålingar frå NOAA/POES satellittane
  • dokumentert erfaring frå analyse av store datasett

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 i statens regulativ (kode 1109/LR 24.1) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på ca kr 486 100 brutto i det statlege lønnsregulativet.Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteressene og erfaringane dine, samt motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • namn og kontaktopplysningar til minst to referansar
  • vitnemål og karakterutskrifter, samt stadfesting på avlagt doktorgrad
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt til enkeltpersonar per epost vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Hilde Nesse Tyssøy, Institutt for fysikk og teknologi, e-post hilde.nesse@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrar-bakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    6. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140458
  • Intern-ID
    2017/8305
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger