Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Stipendiat i elementærpartikkelfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i elementærpartikkelfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stipendiaten blir knytt til gruppa for partikkelfysikk sin deltaking i ATLAS-eksperimentet ved CERN (det europeiske forskingssenteret for kjerne- og partikkelfysikk). Gruppa deltek i eksperimentet på ein rekke område, datainnsamling, drift, oppgraderingsprosjekt og fysikkanalyse av innsamla data. Med denne stillinga vil analyseprosjekta vere innanfor studiar av Higgs-partikkelen, og mogeligvis innan studiar av B-mesonar. Dessutan er det ønskeleg med styrking av deltakinga innan utvikling av silisiums pikselsensorar. Dette er ein del av oppgraderingsprosjektet 'ATLAS-ITk'.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i subatomær fysikk eller tilsvarande utdanning, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha gode datakunnskaper, og kunne benytte programmeringspråk som for eksempel Python og C++.
  • Erfaring med data-analyse fra ATLAS eller andre eksperimenter innan høyenergifysikk vil vere nødvendig
  • Kjennskap til ATLAS sin programvare vil vere en stor fordel 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan 3 månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8). Dette utgjer ei årsløn kr 432 700 brutto i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar.
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysngingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Gerald Eigien, e-post gerald.eigen@uib.no eller Bjarne Stugu, e-post: bjarne.stugu@uib.no, tlf. +47 55582769 eller +47 95181598.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    10. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140435
  • Intern-ID
    2017/8613
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger