Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Administrasjonssjef

Ved Geofysisk Institutt er det ledig ei fast stilling som administrasjonssjef. Arbeidsstad er Geofysisk institutt, Allégaten 70, i Bergen.

 

Om instituttet

Geofysisk institutt blei etablert av norske pionerar i meteorologi og oseanografi for 100 år sidan, og held til i historiske lokale sør på Nygårdshøyden i Bergen.

 

Geofysisk institutt driv undervisning og forsking i meteorologi, klima, fysisk og dynamisk oseanografi og kjemisk oseanografi. Undervisninga omfattar kurs på lågare grad og kurs og rettleiing av masterstudentar og ph.d.-stipendiatar. I 2016 ga instituttet undervisning og rettleiing til ca. 50 bachelorstudentar, 60 masterstudentar og 40 doktorgradskandidatar.

 

Instituttet har 19 faste vitskaplege stillingar og 17 teknisk/administrative stillingar der administrasjonen utgjer 5 tilsette og ein lærling. I tillegg har instituttet for tida 14 professor II ogførsteamanuensis II-stillingar og til saman om lag 60 ph.d.-studentar, postdoktorar og forskarar. Vi tilbyr eit spanande og utadretta undervisnings- og forskingsmiljø med eit breitt arbeidsfelt, og gode høve for å bidra aktivt i nasjonale og internasjonale fagmiljø.

 

Geofysisk Institutt har eit tett og dynamisk samarbeid med Bjerknessenteret for klimaforsking.

 

Instituttet har ei relativt stor eksternfinansiert forskingsportefølje som utgjer om lag 50% at det totale budsjettet. Administrasjonssjefen har ei sentral rolle med overordna økonomiarbeid, arealdisponering og utvikling av rammevilkår knytt til porteføljen forutan å utøva arbeidsleiing og koordinering innan HR og økonomi for heile instituttet.

 

Ansvarsområde

Administrasjonssjefen sitt ansvar omfattar eit breitt spekter av oppgåver med eit særskilt ansvar for den administrative leiinga av instituttet. Administrasjonssjefen er dagleg leiar av administrasjonen og har personalansvar for dei teknisk/administrativt tilsette. Næraste overordna er instituttleiar.

 

Døme på arbeidsoppgåver:

  • Vidareutvikle, implementere og fylgje opp gode administrative prosedyrar og rutinar i samsvar med regelverk og retningsliner som gjeld for breidda av instituttet si verksemd.

  • Gi støtte og råd til instituttleiar i administrative og organisatoriske spørsmål.

  • Ha god oversikt over instituttet sine økonomiske moglegheiter og saman med instituttleiar ha ansvar for økonomistyring, ressursdisponering og at areala som instituttet disponerer, blir optimalt og forsvarleg nytta.

  • Ha oversikt over instituttet sine personalressursar og saman med instituttleiar ivareta arbeidsgjevaransvaret og drive personalpolitisk og –strategisk arbeid, mellom anna knytt til rekruttering og personaloppfølging.

  • Arbeide saman med instituttleiar for gode arbeidstilhøve ved GFI og ha tilsyn med og oppfølging av HMS-ansvaret ved instituttet.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning på minst masternivå og relevant administrativ praksis

  • Relevant leiarerfaring og gode resultat frå tidlegare arbeidsforhold

  • Dokumentert erfaring frå sakshandsaming

  • God forståing for dei spesielle utfordringane instituttet har i organisering av forsking og undervising knytt til felt, tokt og laboratorieverksemd

  • Erfaring frå forskingsadministrasjon og dokumentert kompetanse innan økonomistyring og personalforvaltning

  • God administrativ IT-kompetanse

  • Kjennskap til og erfaring frå universitets- og høgskulesektoren og offentleg forvalting

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å leie og motivere medarbeidarar og vere utviklingsorientert

  • Sjølvstendig og initiativrik    

  • Systematisk og løysingsorientert med god gjennomføringsevne

  • Effektiv, fleksibel og serviceinnstilt

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Språk:

  • Båe målformer, nynorsk og bokmål

  • Engelsk skriftleg og munnleg

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

 

Vi kan tilby:

  • Spanande og varierte oppgåver i eit internasjonalt miljø.

  • Løn etter lønssteg 65-72 (1058) etter kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast

  • Fleksibel arbeidstid

  • Gode velferdstilbod

  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Nils Gunnar Kvamstø, telefon, 41268923, e-post Nils.Kvamsto@uib.no.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad og CV skal sendast elektronisk ved å klikke på knappen merkt «SØK STILLINGEN» på denne sida.

 

Søknadsfrist 25. august 2017

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140422
  • Intern-ID
    2017/8648
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger